Ålfotbreen landskapsvernområde går heilt til Hyefjorden. Fjellsida har både varmekjære lauvtre og kalkkrevjande plantar. Foto: Alf Erik RøyrvikDei karaktreistiske hylleformasjonane i Ålfotbreen landskapsvernområde Foto: Alf Erik RøyrvikDei tre fjelltoppane (f.v.) Saga (1318 moh), Plogen (1357 moh) og Keipen (1362 moh) Foto: Alf Erik RøyrvikMyr i Straumsbotnen i Hyen Foto: Alf Erik RøyrvikGjegnen, 1670 moh. Foto: Edvin HugvikHyefjorden og Skjerdalen sett frå nord. Foto: Edvin Hugvik

Ålfotbreen landskapsvernområde

- Der bre møter hav

Ålfotbreen landskapsvernområde er eit område som vart verna 9. januar 2009. Området er på om lag 226 kvadratkilometer og ligg i kommunane Gloppen, Bremanger og Flora. Ålfotbreen landskapsvernområde omfattar eit av dei mest nedbørsrike område i Noreg og dei vestlegaste og mest havpåverka isbreane i landet. Her er dessutan ein særs interessant geologi med devonske bergartar.


Nyhende

Styremøte i Ålfotbreen verneområdestyre

Ålfotbreen verneområdestyre hadde styremøte nr 3/2016 den 16.des i Florø. Mellom anna vart det sett opp liste over ønska tiltak i bestillingsdialogen for 2017.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016)

Endring av representant frå Bremanger kommune i verneområdestyret

Bremanger kommune har bytta representant til Ålfotbreen verneområdestyre. Marius Strømmen er ny fast styremedlem.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016)

Årsmelding for 2016

Verneområdeforvaltaren har skrive ei  årsmelding for2016 i Ålfotbreen landskapsvernomåde.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016)

Anbodskonkurranse om arbeid i verneområdet

Forvaltningsstyresmaktene i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde har lyst ut anbodskonkurranse om arbeid i verneområda dei neste fire åra.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.05.2016 Sist endret:30.12.2016)

Nytt verneområdestyre for Ålfotbreen landskapsvernområde

Etter kommune- og fylksetingsvalet i fjor haust har det blitt nemnt opp nye styremedlemmar til Ålfotbreen verneområdestyre. Tysdag 5. april hadde det nye styret sitt første styremøte.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.04.2016 Sist endret:30.12.2016)

Årsmelding for Ålfotbreen 2015

Her er årsmelding for Ålfotbreen landskapsvernområde og verneområdestyret for 2015.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:29.12.2015 Sist endret:30.12.2016)
Vis nyhetsarkiv