Klage

Alle vedtak som er gjort av forvaltningsstyresmakta, kan klagast på. Alle partar i saka eller dei som har "rettsleg klageinteresse" har rett til å klage på eit vedtak. Her kan du lese litt meir om korleis ein kan klage og korleis klagehandsaminga går føre seg.

Dersom ein part eller ei klageinteresse meinar at eit vedtak som er gjort er feil, kan ein klage på dette vedtaket. Det kan mellom vere at ein meinar at:
- forvaltningsstyresmakta har brukt regelverket feil,  
- at skjønsrommet er brukt feil,  
- at det er gjort vurderingar på feil premisser,
- at saka ikkje er godt nok opplyst, 
- eller at det er gjort sakshandsamingsfeil.
I so fall kan vedkommande sende inn ei klage. Reglane rundt klage på vedtak og handsaming av klage, er fastsett i kapittel VI i forvaltningslova.  

Fristen for å klage er 3 veker. Det vil i praksis seie at klagen må vere sendt/poststempla innan 3 veker etter at parten er gjort kjend med vedtaket. Her er visse unntak frå fristen på 3 veker. Dette står meir nøyaktig presisert i §§ 29 - 31 i forvaltningslova.

I ei eventuell klage må det greiast ut om kva vedtak det vert klaga på, grunnlaget for klagen og korleis klagaren meinar at vedtaket burde vere. Klagen skal stilast og sendast til det forvaltningsorganet som har fatta vedtaket, i denne samanhengen vil det seie styret for verneområdet. Ein sender altso til same adressa som ein sendar søknadar. Dette står beskrive nærmare i § 32 i forvaltningslova.

Når styret for landskapsvernområdet mottek ei klage, vert saka utgreia på nytt av forvaltaren. Deretter vert klagen lagt fra for styret på neste styremøte. Då kan styret enten ta klagen til følge, eller sende klagen vidare i systemet. Klageinstansen er Miljøverndepartementet (MD), medan det er Direktoratet for naturforvaltning som førebur klagesaka for MD. Vedtaket som MD gjer i klagesaka er endeleg og kan ikkje klagast på.

Kontakt verneområdeforvaltaren om du har spørsmål gjeldande klage og klagesaksgang.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:25.07.2012 Sist endret:10.07.2015)