Oppbygging av forvaltninga

I 2009 vart det vedteke at forvaltninga av dei store verneområda her til lands skulle leggast om, og det skulle verte meir lokal forvaltning. Eit resultat av det er at det har vorte fleire aktørar som er involvert i forvaltninga, og det kan vere utfordrande å halde oversikt over kven som gjer kva. Her er ei kort oversikt over dei ulike aktørane.

Ålfotbreen verneområdestyre er, som alle dei andre verneområdestyra, forvaltningsstyresmakta i den nye modellen. Det er styret som gjer alle vedtaka i sine styremøter, og kort fortalt er det dei som bestemmer. Desse styra er samansett av politikarar frå kommunane og fylkeskommunane som er involvert i dei ulike verneområda. I tillegg er det med representantar frå Sametinget i dei områda kor der er samiske interesser). Samansettinga av Ålfotbreen verneområdestyre finn du her.

Det er tilsett ein verneområdeforvaltar for Ålfotbreen landskapsvernområde. Forvaltaren er tilsett gjennom Fylkesmannen, men er underlagt verneområdestyret og fungerer som sekretær for styret. Verneområdeforvaltaren jobbar med forvaltninga på dagleg basis, førebur saker for styret, driv informasjonsarbeid og er kontaktperson på vegne av forvaltninga. Ålfotbreen har felles forvaltar med Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og denne har kontorstad på Sandane.

Fylkesmannen var forvaltningsstyresmakt tidlegare, men har ikkje mynde etter den nye ordninga. Fylkesmannen er likevel litt involvert i og med at dei har personalansvar for verneområdeforvaltaren. I tillegg har Fylkesmannen klageadgang på vedtaka som styret gjer.

Klima- og miljødepartementet (KLD) er øverste myndigheit i dette "systemet". Dei har delegert mange oppgåver og mynde til lågare nivå. Av oppgåvene som departementet framleis utfører er å oppnemne styra, og legge føringar og rikspolititiske retninglinjer på vegner av regjering og Stortinget.

Miljødirektoratet er ein viktig og sentral faginstans innan forvaltninga av verneområder. Direktoratet har ein del oppgåver som mellom anna opplæring og fagleg støtte for forvaltarane, dei godkjenner forvaltningsplaner og andre viktige dokument i verneområda. Miljødirektoratet er og klageinstans for vedtak som er gjort i verneområdestyra.

Statens naturoppsyn (SNO) er forvaltninga og styresmaktene sine folk i felten. Det er dei som har det praktiske oppsynet med verneområda. I tillegg driv dei med skjøtsel og andre fysiske tiltak i verneområda, og informasjonsarbeid. Det er tilsett ein SNO-oppsynsmann med ansvar for  Ålfotbreen, Naustdal-Gjengedal og nokre mindre verneområder i disktriktet. Denne har kontorstad på Sandane saman med verneområdeforvalteren.

Kommunane handsamar sektorlover som gjeld både innanfor og utanfor verneområder. I tillegg er kommunane viktige samarbeidspartar for verneområdeforvaltninga. Hugs at i saker om mellom anna bygging eller motorferdsel i verneområder, må ein ofte ha løyve både frå kommunen og frå verneområdestyret.

Fylkeskommunen er representert i verneområdestyra, og er i tillegg faginstans når det gjelder kulturminner og lokal byggeskikk.

Fagleg rådgjevande utval er samansett av representantar for grunneigarar og brukarar, og er desse sin viktigaste kontakt mot styret. Fungerer og som ein viktig høyringsinstans for styret.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:25.07.2012 Sist endret:07.06.2017)