DNT-hytter

Flora turlag har to hytter som dei eig og driv i Ålfotbreen landskapsvernområde. Det går merka rute til begge hyttene. Blåbrebu ligg vest for Ålfotbreen og er eit fint utgangspunkt for turar på breen, eller til dei spesielle fjella heilt vest i landskapsvernområdet. Gjengabu ligg eit stykke aust for Ålfotbreen. Den er mykje brukt av folk som skal til Gjegnen (1670 moh), høgaste fjellet i landskapsvernområdet.

Blåbrebu

«Noregs våtaste turisthytte» ligg 800 meter over havet i fjellet nord for Grøndalen i Flora kommune. Det går merka sti frå Grøndalen, og den turen tek om lag 4 timar. Blåbrebu er ubetjent og har 14 sengeplassar.

http://ut.no/hytte/blaabrebu

Gjegnabu

Gjegnabu er ei spektakulær hytte som ligg høgt og fritt i eit spesielt landskap. Den ligg på ruta som går i frå Hope i Hyen og opp til Gjegnen, men ein kan og gå til hytta frå andre utgangspunkt. Turen frå Hope tek om lag 5 timar. Området har krevjande terreng og klima, og ein bør vere litt fjellvandt og ha med seg skikkeleg utstyr for å ferdast her.

http://ut.no/hytte/gjegnabu

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:20.12.2012)