Populære ruter og turmål

Keipen, Plogen og Saga

Tre karakteristiske fjell som ligg i eit fjellmassiv heilt vest i Ålfotbreen landskapsvernområde. Keipen er 1362 moh, Plogen er 1357 moh og Saga 1318 moh. Det går merka løype til Keipen frå Sørdalsvatnet i Svelgen.  Ein kan og gå inn til fjellmassivet frå fleire utgangspunkt i Ålfoten og frå Grøndalen.

Ålfotbreen

Sjølve Ålfotbreen er eit turmål i seg sjølv, enten ein berre vil gå opp til breen, eller om ein vil gå på sjølve breen. Det går ruter opp til breen frå Blåbrebu, Grøndalen, Straumsbotnen og Åskora.
PS: Den merka ruta som går frå Åskora og opp til Ålfotbreen er stadvis rasutsett.

Grøndalen - Blåbrebu

Merka sti frå Grøndalen til Blåbrebu. (for meir info, les om Blåbrebu)

Gjegnen

Gjegnen (vert ôg kalla Blånibba) med sine 1670 moh., er kanskje det mest kjende turmålet i Ålfotbreen landskapsvernområde. Det går merka sti opp frå Hope i Hyen og via Gjegnabu. Ein kan og gå opp frå Skjerdalen eller frå Gjegnalunden. Det vert dessutan jobba med å få merka ei rute frå Åskora.

Hope - Lavesteinen - Gjegnabu

Merka rute som kanskje er den vanlegaste ruta og greiaste ruta til Gjegnabu, og vidare til Gjegnen. Frå Hope følgjer man skogsveg som går oppover fjellsida til ca 400 moh. Rett etter siste svingen i skogsvegen følger man skilta og merka sti som tek av til høgre og oppover til Lavesteinen (sjå bilete nedanfor). Frå Lavesteine følgjer man varda løyve vidare oppover fjellet til Gjegnabu. Hugs på at skodda kan komme fort og legge seg tjukk i dette området.

Turen frå Hope og opp til Lavesteinen tek 1 - 1,5 time og er ein fin kveldstur eller kort fjelltur. Heilt opp til Gjegnabu må ein rekne med at det går 3-5 timar.

Lavesteinen

Skordalen

Fin og lett tur inn i inste Skordalen frå Hope.

Straumsbotnen

Ein flott dal med urørt villmark. Frodige beiteområder for sau og storfe om sommaren. Hjorten trivst og godt her. Ein kan enten gå stien inn på vestsida av Skilbreivatnet, eller ein kan bruke båt inn til støylshuset i Straumsbotnen.

Grøndalen – Straumsbotnen

Ein kan gå frå Grøndalen i Flora, forbi Svartedalsvatnet, gjennom Trongedalen og til Straumsbotnen.

Skjerdalen

Ein vakker og tilnærma urørt dal som ligg parallelt med Hyefjorden. Ein må ha båt for å komme til Skjerdalen, då den ligg veglaust til på vestsida av Hyefjorden.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:20.12.2012 Sist endret:15.12.2014)