Endring av representant frå Bremanger kommune i verneområdestyret

Bremanger kommune har bytta representant til Ålfotbreen verneområdestyre. Marius Strømmen er ny fast styremedlem.

Bremanger kommune har bytta representant, ved at den faste representanten og vararepresentanten som i første omgang vart oppnemnt, har bytta roller. Det betyr at Marius Strømmen no er fast styremedlem og nestleiar i Ålfotbreen verneområdestyre, og Audun Åge Røys er vararepresentant.

Endringa er gjort etter vedtak i Bremanger kommune og etter det i Miljødirektoratet.
Brevet frå Miljødirektoratet kan du sjå her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016)