Nye informasjonsskilt om Ålfotbreen

Ålfotbreen verneområdestyre har fått laga nye informasjonsskilt, og no er skilta satt opp på ferjekaiene på Lote og Stårheim.

Utforminga av skilta er i tråd med den nye standarden til Noregs Nasjonalparkar som Miljødirektoratet har utarbeida saman med arkitektkontoret Snøhetta. Alt informasjonsmateriell til nasjonalparkar og stire verneområde skal no produserast etter denne standarden. Sjølve skiltplatene er produsert i cortenstål. Det er ei spesiell legering kor stålet raskt får eit rustfarga belegg, men som deretter er veldig holdbart. Dette belegget er ikkje heilt på plass enno, men det vil kome med tida. Stålet vil då få ein jamn og fin, ganske dempa rustfarge. Cortenstål er mykje brukt til fasader, kunstverk og i landskapsarkitektur.

Der er sett opp to skilt. Det eine er eit portalskilt der namn og logo til landskapsvernområdet er felt inn med rustfrie bokstavar. På ddelar av dette skiltet har stålet fått det belegget og fargen det skal ha. Gjennom ramma i portalskiltet kan man sjå bort på Skjeringane, Hyeneshesten og Skjerdalen.

Det andre skiltet er eit informasjonsskilt med plakat. På plakaten er det kart over verneområdet der merka stiar, innfallsportar og parkeringsplassar er markert. I tillegg er her litt kortfatta om verneområdet og bruken av det.

Kartplakat over Ålfotbreen LVO

Plasseringa på ferjekaia på Lote er kanskje litt uvanleg sidan det er i ein kommune som ikkje har areal i verneområdet, men det er eit bevisst val. På denne sida av Nordfjorden har ein god utsikt til verneområdet, betre enn ein har på "Gloppesida". I tillegg er dei som stoggar her på veg i retning mot verneområdet og på veg vekk frå det.

Nye informasjonsskilt på Lote

 

Biletet under syner skilta på Stårheim. Bak skiltet ser man bort på karakteristiske Gjegnen/Blånibba, høgaste fjellet i Ålfotbreen LVO.

Informasjonsskilt på Stårheim

Alf Erik Røyrvik (Publisert:05.06.2020 Sist endret:17.07.2020)