Nytt styre for Ålfotbreen landskapsvernområde

Ålfotbreen verneområdestyre pluss naturoppsyn og forvaltar. F.v. Irene Storøy, Janne Solheim, Jacob Nødseth, Åsmund Berthelsen, naturoppsyn Sverre Sæten og verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik.
Ålfotbreen verneområdestyre pluss naturoppsyn og forvaltar. F.v. Irene Storøy, Janne Solheim, Jacob Nødseth, Åsmund Berthelsen, naturoppsyn Sverre Sæten og verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik.

Etter kommune- og fylkstingsvalet i fjor haust er det oppnemnt eit nytt Ålfotbreen verneområdestyre. Det nye styret vart konstituerte seg og hadde sitt første styremøte 11. mars.

Styret hadde sitt første styremøte i samband med ei oppstartsamling for dei nye styra på vestlandet som vart arrangert i Balestrand 10. og 11. mars. Dei viktigaste sakene var konstituering av styret og bruk av tiltaksmidlar frå Miljødirektoratet.

Jacob Nødseth vart valt til styreleiar i Ålfotbreen verneområdestyre. Han sit i kommunestyret i Kinn kommune og representerer Venstre. Irene Storøy vart valt til nestleiar i styret. Ho sit i kommunestyret i Bremanger kommune og representerer og Venstre. Janne Solheim frå Gloppen og Åsmund Berthelsen frå Vestland fylkeskommune er styremedlemmer.

Ålfotbreen verneomrdåestyre har fått 400.000 kr i tiltaksmidlar for 2020. Midlane kan nyttast til ulike tiltak innan skjøtsel, tilrettelegging og informasjonsarbeid i, rundt og i forvaltninga av Ålfotbreen landskapsvernområde. Midlane må nyttast i tråd med føringar frå Miljødirektoratet. Årets midlar går hovudsakleg til mindre tiltak på stiar, bruer og anna tilrettelegging for friluftsliv og beitebruk. I tillegg vurderer styret og å sette opp fleire informasjonsskilt. 

Protokoll etter det første styremøtet finn du her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:06.04.2020 Sist endret:17.07.2020)