Nytt verneområdestyre for Ålfotbreen landskapsvernområde

Etter kommune- og fylksetingsvalet i fjor haust har det blitt nemnt opp nye styremedlemmar til Ålfotbreen verneområdestyre. Tysdag 5. april hadde det nye styret sitt første styremøte.

Dette var konstituerande styremøte, der styret mellom anna skulle velge leiar og nestleiar. Det nye styret er samansett slik:


Hege Lothe, Gloppen - styreleiar
Audun Åge Røys, Bremanger - nestleiar
Jan Henrik Nygård, Flora - styremedlem
Gunn Karin Sande, Fylkestinget - styremedlem

Styret hadde og oppe ein del andre adminstrative styresaker. Dei vedtok mellom anna at det skal utarbeidast ein besøksstrategi for Ålfotbreen landskapsvernområde. Det er ein plan for korleis forvaltninga skal ta i mot og handtere dei som besøkar verneområdet. Målet er å gje dei besøkande gode opplevingar og legge til rette for lokal verdiskaping, samstundes som ein sikrar verneverdiane i området.

Prorokoll frå styremøtet finn de nednafor her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.04.2016 Sist endret:30.12.2016)