Besøksstrategi for Ålfotbreen LVO

Ålfotbreen verneområdestyre har utarbeida besøksstrategi for Ålfotbreen landskapsvernområde. Besøksstrategien seier noko om korleis forvaltninga skal ta i mot og handtere dei som besøker verneområdet. 

I strategien står det ein del om naturkvalitetar og sårbare naturområde i Ålfotbreen LVO. Vidare står det ein del om korleis besøk og bruk av verneområdet er i dag, status for tilrettelegging og korleis informasjon vert formidla i dag. 

Styret har sett seg nokre mål og gjort nokre prioriteringar i arbeidet med besøksstrategien. Desse vil legge føringar for styret sine satsingar og tiltak retta mot friluftsliv og turisme i dei komande åra. 

Besøksstrategien er utarbeida av verneområdestyret og -forvaltar, i samarbeid med reiseliv, turlag og andre ressurspersonar. 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:23.05.2019)