Forvaltningsplan

Forvaltningsplan for Ålfotbreen landskapsvernområde er eit hjelpemiddel for forvaltninga for å få ei konsekvent og rettferdig sakshandsaming. Det er og eit hjelpemiddel for brukarar, grunneigarar og andre som vi ha ein innblikk i forvaltninga.

Forvaltningsplanen vart godkjent av Miljødirektoratet hausten 2015, etter å ha vore på høyring i 2014 og etter at det vart gjort nokre endringar etter høyringsinnspela.

Planen finn de i lenka nederst på sida her. Alle grunneigarane vil få tilsendt trykt eksemplar av forvaltningsplanen.

 

I forvaltningsplanen kan ein finne svar på mange spørsmål. Planen bygger på reglane i verneforskrifta, men her er det mykje meir konkret forklart. Her kan ein finne svar på spørsmål som til dømes:
- Kva er lov og kva er ikkje lov å gjere i verneområdet?
- Kan eg bygge på hytta mi som ligg i verneområdet?
- Korleis går eg fram for å søke om løyve til å lande med helikopter i Ålfotbreen landskapsvernområde?

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.12.2011 Sist endret:29.03.2016)