Rådgjevande utval

Ålfotbreen verneområdestyre har oppnemnt Rådgjevande utval for landskapsvernområdet. Det er eit utval samansett av brukarar, grunneigarar og næringsliv som skal komme med innspel til styret, og som styret kan bruke som høyringsorgan i ymse saker.

Utvalet er samasett slik:

Grunneigarar:
Martin Førde, Bremanger
Leidulv Solvang, Flora
Arild Straume, Gloppen

Organisasjonar og brukarar:
Sogn og Fjordane Turlag
Naturvernforbundet
Nordfjord Folkehøgskule

Næringsliv:
Visit Fjordkysten
Visit Nordfjord
Sogn og Fjordane Energi
Svelgen Kraft

Utvalet har vanlegvis møte ein gong for året, og då på hausten når tiltaka for komande år skal planleggast og prioriterast. Det er og då vanleg å gå gjennom saker, aktivitet og tiltak i det året som då går mot slutten. Møta i utvalet er ofte lagt i lag med eit møte i verneområdestyret slik at ein kan få til ein god dialog mellom utvalet og verneområdestyret.

Referat etter møta finn de nedanfor her. Der finn de og nokre av presentasjonane som vert synte i møta med sakliste og gjennomgang av saker og tiltak.

Alf Erik Røyrvik