Tiltak

Ålfotbreen landskapsvernområde går heilt til Hyefjorden. Fjellsida har både varmekjære lauvtre og kalkkrevjande plantar.
Ålfotbreen landskapsvernområde går heilt til Hyefjorden. Fjellsida har både varmekjære lauvtre og kalkkrevjande plantar., Foto: Alf Erik Røyrvik

Kvart år gjennomfører verneområdeforvaltninga ei rekke tiltak knytt til vedlikehald, skjøtsel og tilrettelegging. Verneområdestyret søkjer om midlar frå sentrale styresmakter til ulike prosjekt. Vanlegvis er det SNO lokalt som gjennomførar eller administrerar gjennomføringa av desse prosjekta. Lokale organisjasjonar, bygdeservice-selskap eller grunneigarar er som regel sentrale i gjennomføring av prosjekta. 


(Publisert:28.11.2011 Sist endret:20.12.2013)

Planlagde tiltak (tiltaksplanar)

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:05.10.2015)

Gjennomførte tiltak

Utedo ved parkeringsplass på Bakkane i Hope, der rutene til Lavesteinen, Gjegnabu og Gjegnen startar.

Her finn du oversikt over kva tiltak som har blitt gjennomført i landskapsvernområdet

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.12.2011 Sist endret:05.10.2015)

Bestillingsdialog

Bestillingsdialogen er ein årleg seanse som alle verneområdestyrer og alle fylkesmenn har med Miljødirektoratet, der ein melder inn kva behov ein har for midlar og arbeidskraft i dei ulike verneområda.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:05.10.2015)

Kva tiltak kan ein få støtte til?

Det blir brukt mange millionar på landsbasis til forvaltning og tiltak i verna områder. Det betyr at når eit område først er verna, so kan det løyse ut ein del statlege midlar til ulike typar tiltak i verneområdet. Her kan du lese litt om kva type midlar det er snakk om, og kva tiltak som er mest aktuelle å få tiltak til.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.09.2013)