Kva tiltak kan ein få støtte til?

Det blir brukt mange millionar på landsbasis til forvaltning og tiltak i verna områder. Det betyr at når eit område først er verna, so kan det løyse ut ein del statlege midlar til ulike typar tiltak i verneområdet. Her kan du lese litt om kva type midlar det er snakk om, og kva tiltak som er mest aktuelle å få tiltak til.

Verneområdestyret får tiltaksmidlar frå Miljødirektoratet kvart år. Då set styret for verneområdet opp ei liste over kva tiltak som dei ynskjer midlar til det påfølgande året og kor mykje tiltaket vil koste. Denne lista vert so sendt til Miljødirektoratet. Dei får ein viss sum med midlar over statsbudsjettet som dei fordeler ut til alle verneområda i landet etter desse listene som vert sendt inn. Ut på seinvinteren/våren vil kvart styre få tildeling ut i frå kor mykje pengar som kom over statsbudsjettet og kor gode tiltak som er satt opp på lista.

Tiltak som er godt planlagt, som fremjar verneverdiane og/eller som er godt forankra i plandokument og strategiar vert høgt prioritert i denne prosessen.
Døme på tiltak ein kan få midlar til gjennom bestillingsdialogen:
- Skjøtselstiltak
- Fjerne uønska artar
- Tilrettelegging for friluftsliv
- Tilrettelegging for beitenæringa
- Informasjonsarbeid

Styret set opp si prioriteringsliste på seinhausten, og vil gjerne ha innspel og forslag frå grunneigarar og brukarar om kva tiltak som bør prioriterast. Innspel til tiltak bør vere styret om hende innan 1.oktober.

Kommunale midlar fins i ulike former i dei fleste kommunar. Kommunar kan ha næringsfond, friluftsmidlar, SMIL-midlar m.v.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.09.2013 Sist endret:09.06.2017)