Vernereglar i praksis

Mange er i tvil om kva som er lov å gjere og kva som ikkje er lov å gjere i eit landskapsvernområde. Der er ein del misforståelsar ute og går, og mange trur vernereglane er strengare enn dei faktisk er. Samstundes er det og nokre avgrensingar som ein bør vere klar over som er lett å gløyme. Her står litt kort om kva som er lov og kva som ikkje er lov i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og kva ein eventuelt må søke om.

Føremålet med eit landskapsvernområde er å ta vare på landskapet og landskapspreget. Det vil seie at dei avgrensingane som er i vernereglane stort sett går på at inngrep som kan endre landskapet er forbode eller må søkast om. I tillegg er det eit poeng å ta vare på området som eit urørt og villmarksprega område. Derfor er det avgrensingar på til dømes motorferdsel som skapar støy og set spor.

Friluftsliv, jakt og fiske er i all hovudsak lov i landskapsvernområdet. Her er ikkje noko spesielt vern av verken dyreliv, fisk eller plantar. I heile verneområdet er det fri ferdsel, so "normalt" friluftsliv er det ingen avgrensingar på. Det er heller ingen avgrensingar på hausting av bær og sopp.
Hugs på at forsøpling og ureining ikkje er lov i landskapsvernområdet. Ta med heimatt avfall som ikkje naturen klarar å bryte ned. Dette burde uansett vere ein tommelfingerregel for alle som brukar naturen, både i og utanfor verna område. 

Motorisert ferdsel er derimot i utgansgpunktet ikkje lov. Men det er opna for å gje løyve til ein del typar motorferdsel etter søknad. Det gjeld til dømes bruk av lette motorkøyretyg, båt med motor eller helikopter til:
- transport av varer og materialar til stølar og hytter
- transport i samband med husdyrhald
- transport i samband med byggearbeid og vedlikehald av bygningar, stiar, bruer og liknande
- transport i samband med storviltjakt og fiske

Ein kan ikkje rekne med å få løyve til rekreasjonskøyring og persontransport, då det ikkje er opna for det i forskrifta.

Bygningar og installasjonar er ikkje lov å sette opp i verneområdet utan å søke om dispensasjon. Vedlikehald av bygningar, installasjonar, vegar og stiar er derimot lov utan å søke.
Nybygging, ombygging og utviding av bygningar er det til ei viss grad opna for i verneforskrifta, men ein må søke om dette. Prosedyre for søknad finn du her
Gjegnabu

Det er ikkje lov å bygge veg i landskapsvernområdet. Stiar, klopper og bruer til bruk for beitenæring og friluftsliv kan ein få løyve til etter søknad. Vedlikehald på godkjente stiar, bruer og kloppar er lov utan søknad.

Hogst av ved (plukkhogst) til eigen bruk er lov utan søknad. Det gjeld og hogst av ved til hytter og stølar. Anna hogst er og lov, men då må ein få godkjent ein hogstplan. Hogstplanen skal beskrive korleis hogsten skal gjennomførast.

Beitedrift er lov. Det same er rydding av gjengrodd beitemark, lauving og slått. Det er og lov å sette opp midlertidige anlegg og gjerder som er naudsynte for beitenæringa.

Om du skulle ha spørsmål eller er usikker på om eit tiltak er lov, ikkje lov eller søknadspliktig, er det berre å ta kontakt med verneområdeforvaltaren.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:26.07.2012)