Planer og publikasjoner

Villrein
Villrein, Foto: P.O.Haugen

 

I den praktiske og daglege forvaltninga av landskapsvernområdet vil det vere behov for ei nyansering og presisering av verneføresegna, altså ein plan som inneheld meir detaljera  og konkrete køyrereglar. Ein slik plan kallas ein forvaltningsplan. I verneområder med mange og sterke brukarinteresser er det naudsynt  å utarbeide forvaltningsplanar. Planen skal utfylle verneføresegna, men ikkje opne opp for tiltak utover rammene som verneføremålet setter. Like viktig er det at forvaltningsplanen ikkje er utforma slik at det settast nye restriksjonar.

Forvaltningsplanen for Brattefjell-Vindeggen er gyldig i perioden 2017-2027. Du finn den her: Forvaltningsplan.

Utgått plan finn du her: Forvaltningsplan 2010-2014