Tiltak og prosjekt

Slått Knivabakkli sommaren 2011
Slått Knivabakkli sommaren 2011, Foto: Liv Byrkjeland - SNO

Kvart år gjennomfører verneområdeforvaltninga ei rekke tiltak knytt til vedlikehald, skjøtsel og tilrettelegging. Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde søkjer om midlar gjennom bestillingsdialogen med SNO. Midlane brukast til tenestekjøp, oftast frå grunneigar sjølv.

Sumaren 2012 og 2013 blei det utarbeidd skjøtselsplan for valde kulturlandskapslokalitetar i Brattefjell-Vindeggen. Planane så på kulturlandskapets tilstand, kva som burde gjerast og kor stor del av ein tiltakspott som kunne brukast til dei einskilde tiltaka. Planane finn du under:

Skjøtselsplan 2012

Skjøtselsplan 2013