Verneområde

Vindeggen sett frå sør.
Vindeggen sett frå sør., Foto: Peter C. A. Köller

Vindeggen sett frå sør. (Bilete: Peter C. A. Köller)


Landskap, geografi og geologi

Brattefjell-Vindeggen har namnet sitt frå dei to fjella Brattefjell (1540 moh) og Vindeggen (1516 moh) som ligg sentralt i området. Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde er eit fjellområde med delvis viddepreg, men er meir gjennomskore av dalar enn Hardangervidda. Der finst ingen markerte U-dalar, men fleire av dei største dalføra er prega av is-erosjon. Myrområde finst der relativt mykje av. I Gaustamassivet i nord-aust finn me den nest største førekomsten av blokkmark i Telemark, og på vestsida av Gaustatoppen ligg det største samanhengande området med ur i fylket. Landskapet er mange stadar prega av kulturpåverknad frå tidlegare tider.

Geografisk er området delt i to: den søraustlege delen er prega av ”Forfjellsregion med hovudsakleg boreal vegetasjon”, dvs. barskogssone. Den meir nordlege høgareliggjande delen høyrer til same fjellregionen som Hardangervidda.

I dalane finn me den rikaste vegetasjonen, her finn me òg nokre sjeldne plateartar. Om lag 25 ulike vegetasjonstypar er registrert innafor Brattefjell Vindeggen landskapsvernområde. Eit belte frå Åmotsdal mot Vindsjåen og Gaustatoppen inneheld kvartsitt og kalkhaldig skifer. Bergartane i området er alle frå prekambrisk tid, dvs. grunnfjellbergartar. I dei høgare delane av området er det mest berrfjell eller eit tynt og usamanhengande morenedekke. Lokalt i dalføra finn me eit meir samanhengande dekke av botnmorene.

Kulturhistorie Brattefjell-Vindeggen

Det eine av tre hovudføremål med å opprette Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde var å ”ta vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne”. Dette har bakgrunn i at landskapet i delar av dette området er sterkt prega av kulturpåverknad frå tidlegare tider: jernvinne, stølsdrift, utmarksbeite, skogsdrift, jakt, fiske og friluftsliv. Området er òg prega av ei rad med gamle ferdslevegar; buferdsvegar, ridevegar m.m. I tillegg er det mange segner og soger knytt til kulturminna i området.

Stølar

Der er sterke tradisjonar knytt til stølsdrift og beitebruk i Brattefjell-Vindeggen. Difor er her òg verdifulle kulturlandskap med heilskapelege og i stor grad intakte stølsmiljø. Desse miljøa vitnar om korleis folk i fjellbygdene har nytta og teke vare på fjellområdet gjennom uminnelege tider. To stølsområde som utmerkar seg er Svartdalsheiane i Seljord kommune og Måråstaddalen i Hjardal kommune. I båe områda blei det gjort grundige kulturminneregistreringar i førekant av opprettinga av landskapsvernområdet.

Svartdalsheiane

Området Svartdalsheiane ligg på vestsida av Skjesvatn og strekker seg frå  Småtjønn i sør til Svain-Steinstaulen i nord. Det er gardar i Svartdal, Dyrlandsdalen og Åmotsdal som har hatt stølsdrift i dette området.  Stølsdrifta blei trappa ned etter 2. verdskrigen og utover i 1950-åra, men på fleire stadar varte støldrifta mykje lenger. I periodar var dette stølsområdet svært viktig – det heiter blant anna at stølane hadde vore ”livsnerva for gardane i Svartdal”.  Stølane har dels fungert som slåttemark, dels som beite. Utanom ”sesongen” har stølshusa blant anna fungert som base for snarefangst av rype vinterstid.rlandsdalen og Åmotsdal som har  sør til Svain-Steinstaulen i nord. Det er gardar i Svartdal, Dyrlandsdalen og Åmotsdal som har

Måråstaddalen

Måråstaddalen ligg nordvest for Bondal i Tuddal og nord for Åtetjønn, området blir avgrensa mot vest ved Lislestulene. Det er fyrst og fremst gardar i Bondal, Heddal og Sauland som har bruka dette stølsområdet. Som elles blei stølsdrifta trappa ned etter 2. verdskrigen, men på einskilde stølar var det drift heilt til slutten av 70-åra / byrjinga av 80-åra. Driftsmåten i dette området hadde mykje til felles med Svartsdalsheiane med ”fullseterbruk” og ein hadde rotasjon mellom slåttemark og beitebruk. Også her var stølane i bruk under snarefangst av rype, dette kunne vera viktig for økonomien og rypene blei som oftast selde til Rjukan. Den tidlege turismen gjorde òg sitt inntog i dette området, tidleg på 1900-talet blei fleire stølshus leigd ut til arbeidarar frå Rjukan som base for jakt og fiske. Karakteristisk for Måråstaddalen i dag er at det ikkje går nokon bilveg inn hit. Kulturlandskapet har difor karakter av å vera urørt av moderne teknologi.

I høve til verneverdi i landskapsvernområdet, handlar dette om heilskaplege stølslandskap som er relativt intakte.

Andre stølar

På Heim Trandem og Nordstaulen sat Ragnhild Hovdejord på stulen heilt fram til 1977. Dette er ein gamal støl, det skal ha vore fastbuande tidlegare her.

På stølen Butjønn sat Søren Sisjord frå Hjartdal med tanta og fleire sysken på 1950-60 talet, dei hadde rundt 40 kyr kvar sommar.

Svært nær sjølve landskapsvernområdet i nord mot Rjukan ligg stølsområdet Såemsåsen. På stølen Dokki var mor til den landskjende hardingfelespelemannen Lars Fykerud, Torbjørg Fykerud, budeie i mange somrar på andre halvdel av 1800-talet, og ho hadde med seg borna frå dei var små. Torbjørg, som kom frå Sauherad var kjend som ein svært dyktig fløytespelar, og det heites at sonen Lars blei sterkt inspirert av både naturen og fløytespelet til mora. ”Det var der eg lærte å spela”, skal han ha sagt. Biografen hans, Halvor Braaten, skriv òg at ”Her i denne storslegne natur var nettopp rette stelle for ein kunstnarnatur som Lars. Her kunde han hans friske og vakne fantasi finne dei rette stemningar og dei rette motiv.”

Kulturminne

Av fysiske kulturminne i området er her nokre døme: brynesteinsbrot ved Butjønn i Hjartdal, kjøtgryte (til reinskjøt) i Gryvleskaret i sørvest, bogastille i Diplanut nordvest for Bondal, og restar etter jernvinne i Svartdalsheiane og Sudbøområdet i Seljord.

Skrivarberget er namnet på ein liten fjellknaus under fjellet Meien sørvest for Vindeggen. Her var tradisjonen å skrive namnet sitt, mange har gjort det og den dag i dag er her synlege bokstavar.

Døme på den tidlege turismen ved Sandsetvatn

Rundt hundreårsskiftet 1900 opplevde mange fjellbygder at interesse for jakt, fiske og friluftsliv frå velståande byfolk auka på. Eit døme frå Brattefjell-Vindeggen-området er Doktor Hans Mostue frå Skien og konsul Wilhelm Wilhelmsen frå Oslo. Dei kjøpte eit fjellterreng i Sandsetdalen i Åmotsdal i 1908, området kom frå Kvammen Nordre. Båe var truleg inspirerte av Fritjof Nansen som blant anna dreiv med fuglejakt med hund etter mønster frå Skottand. Ei gammal stove frå Åmotsdal blei kjøpt inn og sett opp att på Buliodden ved Sandsetvatn. Føremålet var å  skaffe rypejegerane jaktkvarter på den nye eigedomen. I 2008 kom det ei intern jubileumsbok om Buli med namn ”Jagten og det felles samvær”.

Ein annan utanbygds eigar, skipsreiar Klaveness, hadde på same tid kjøpt den nordlegaste delen av Kvammeneigedomen, og husa på Grasfjøllstaulen blei stelte opp. Mange år seinare låg tungtvatnssabotørane der ei tid.  Her var òg blant andre Fritjof Nansen på jakt. Med denne nye tida med sportsjegerar blei det behov for lokal arbeidskraft, i samband med sjølve jakta, nokon blei rypegut t.d., eller det kunne vera behov for ei kokke til matstell, i samband med transport osv.

Segner frå Hjartdalsheiane

Det går segner om at det ein gong var mange gardar rundt Skjesvatn i Hjartdal og på Skeie skal det ha vore ein prestegard. Men ifylgje Landstad skal dalen ha blitt lagt øyde etter Svartedauden. Skeie er eit gamalt namn for ei slette der det har vore drive med hestekampar.

På Trandemstølane skal det tidlegare ha budd ein sylvsmed. Det skal  finnast tre eksemplar  av ”Trandemsølgja” her i landet, dei skal ha namnet sitt etter denne smeden.

Mange av stølane i Brattefjell- Vindeggen har historier om tussar og huldrefolk knytt til seg. Frå stølen Trandem der ho var i 47 somrar fortalde budeia Ragnhild Hovdejord om Anne Flatland som møtte ein flokk med raude og svarte kyr, dvs huldrekyr. Og på Nordstulen er der fleire tusse- og huldrehistorier.

Ei segn frå Vindsjåområdet er om budeia frå Hellebua som gjette oppe i Vindeggen. Ho hadde funne noko som likna på istappar. Dei var blanke, og då ho tok på dei, bøygde dei seg. Det må ha vore reint sølv. Ho drog vidare med dyra, men såg aldri slike istappar meir. I Vindeggen er det ein gruvegang der mange har leita etter sølv. Det er Kjetil G. Solheim som har fortalt denne segne.

Villreinen i Brattefjell-Vindeggen

Det er villreinen som er nykkelarten i dyrelivet i Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Villreinstamma i Brattefjell-Vindeggen har internasjonal verdi og gjer området til eit viktig økosystem. Å ta vare på og sikre villreinstamma var eit viktig motiv for verneplanen. Opphavleg var området å rekne som ein utløpar eller ein tange frå Hardangervidda, men kraftutbygging og vegbygging tidleg på 1900-talet førte til at reinens trekkruter blei avskorne og dette skilde utløparen frå sjølve vidda. Dagens villreinstamme i Brattefjell Vindeggen er difor i stort sett isolert frå andre villreinområde. Stamma er i dag på rundt 500 dyr.

Brattefjell-Vindeggen har rike sommar- og haustbeite, men det er meir sparsamt med vinterbeite. Her er få faste kalvingsplassar, plassane varierer med beite- og snøtilhøve. Ofte kan dyra trekke heilt ned i bjørkesogen om våren, og etter kalvinga trekker ofte simlene til hellingane mot sør. Når dyra så samlar seg i fostringsflokkar, dreg dei seg meir innover i fjellet mot dei høgare områda. Om sommaren blir ofte bakhellingane i fjellmassiva nytta som tilfluktsstad i varme periodar når fluger, brems og mygg herjar. På den tida jakta tek til, dvs. 20. august, er dyra ofte spreidde i små flokkar over heile villreinområdet. Etter eit par dagars jakt samlar dei seg i større flokkar og i dei seinare åra har reinen trekt seg ned i skogen mot Svartdal, Hjartdal og Tuddal.

Største utfordringa for villreinen i Brattefjell-Vindeggen er arealfragmentering i form av kraftutbygging, vegbygging, turistsatsing og hyttebygging. Auka ferdsle på grunn lettare tilgjenge, tung turistsatsing i fleire område og ulovleg snøskuterkøyring påverkar arealbruk, vandringar og genetisk mangfald hjå villreinen i området. Eitt eksempel: Området Svinefjell mot nordvest i landskapsvernområdet ser ut til å vera tapt for villreinen.

I tillegg til vintertrafikken i fjellet er det jakta som påverkar villreinstamma mest. Hausting av eit biologisk overskot gjennom jakt er likevel nødvendig dersom ikkje villreinstamma skal ”vekse seg ut av matfatet”. Villreinområdet er på 357 km2 og er i privat eige. Området er delt opp i ulike jaktfelt.

Ei anna utfordring for Brattefjell-Vindeggen-reinen er at med ei stamme på ca 400 dyr kan ein risikere at det ikkje blir tilstrekkeleg genetisk variasjon.

Heile Brattefjell-Vindeggen landskapsområde ligg på privat grunn og dei fire kommunane Hjartdal, Tinn. Vinje og Seljord skreiv alt i 1994 under på ei samarbeidsavtale om naturforvaltinga av området. Stikkord var interkommunalt samarbeid, heilskapstenking og berekraftig utvikling.

Villreinen i Brattefjell-Vindeggen – historikk

Alt talar for at der har vore villrein i Brattefjell Vindeggen frå lang tid tilbake, sjølv om me finn relativt få spor etter tidlegare tiders jakt og fangst. Men der skal finnast einskilde dyregraver eller opplysningar om slike, t.d. skriv lokalhistorikar Ivar T. Dahl i Tuddal om ”dyregravene vest for Bondal”. Namn som Reinstjørn, Reinstul, Reinsnuten, Reisjå (dvs. reinsjå) og Simlenuten (same som fjellet Toin) tyder òg på at her har vore villrein langt tilbake. Med bakgrunn i folkeminne samla av Tov Reisjå, refererer Dahl til at reinen var det viktigaste byttedyret og mattilfanget for dei fyrste veidemenn som for i Hjartdalsfjella. At prestefrua i Hjartdal - fru Lind -  som levde på slutten av 1600-talet, hadde ein sid reinskinnsstakk, kan òg takast til inntekt for at her var reinsdyr. Men det skal ha vore lite dyr på 1700-talet, men før det - i gamle dagar - var det store flokkar ifylgje Tov Reisjå. Dahl fortel òg om fattige husmenn frå Hjartdal og Tuddal som drog innover til Vindeggen, der hende det at  reinsdyr gjekk utfor brattheng og stup og blei drepne, ”særleg ved Geitestigen og Hellebua”. Kjøtet drog dei heim på skikjelke vinterstid på skareføre.

Siste reinen på 1800-talet skal ha blitt skoten i Vindeggen i  1880-åra i fylgje Tov Reisjå, medan ei anna kjelde fortel at Svein Løndal og Tov Åkre frå Tuddal skaut siste reinen i Hatteskard i 1912.

Området har før ca 1900 vore som ein naturleg tange eller ein utløpar frå Hardangervidda. Truleg har området hatt besøk av villrein frå Hardangervidda når enten stamma der har vore stor eller at beitet inne på vidda har vore mindre tilgjengeleg. Svingingar i bestanden av villrein er ikkje noko nytt fenomen, og med ei større stamme på Vidda har reinen trengt meir ut på tangane i periodar. Av dei naturlege trekkrutene mellom Hardangervidda og Brattefjell-Vindeggen finn me to nordaust for Møsvassdammen og ei over Møsvasstangen.

Når ein opererer med eit tidsskilje omkring år 1900 er det av di dette er tida då reguleringa av det store kraftmagasinet Møsvatn tok til. Dette saman med bygginga av riksvegen mellom Rauland og Rjukan førte etterkvart til at området blei meir avskore frå Hardangervidda. Men det var ikkje meir avskore enn at dagens villreinstamme for ein stor del er basert på dyr som vandra inn frå Hardangervidda på 1960- og 1970-talet. At dei blei verande i området kan derimot ha sin bakgrunn i at nemnde inngrep kombinert med aukande utbygging av turismen, særleg i nordvest, ytterlegare har ført til ei oppsplitting av leveområda for reinen. Vegbygging og generelt auka ferdsle har òg gjort sitt til at Brattefjell-Vindeggen-området har blitt avgrensa, og med det har me fått ei eiga villreinstamme som i dag utgjer mellom 400 og 500 vinterdyr.

Brattefjell-Vindeggen har ifylgje lokalkjende folk truleg aldri vore heilt tomt for reinsdyr. Folk frå Åmotsdal har fortalt at der blei skote rein i området på 1920-talet, likeins var det ein grensegang under siste krig då det òg var reinsdyr inne der. Og ”eldre fjellvandrarar har fortalt at dei av og til såg reinsdyr i desse fjella”. Dette skriv Halvor G. Dyrland som har fylgt med villreinen i området gjennom eit langt liv. Han hugsar at han såg ein flokk på 40-50 rein i 1955, og at han seinare såg rein i desse fjella kvart einaste år. Der blei og observert rein på byrjinga av 1960-talet.

Årstalet 1965 står sentralt når historia om dagens villreinstamme i Brattefjell- Vindeggen skal omtalast. Då aukar stamma radikalt, og dette er dyr som vandrar inn på grunn av dårlege vinterbeite inne på Hardangervidda. Møsvasstangen og heiane mellom Møsvatn og Rauland fekk då besøk av store reinsflokkar vinterstid, og dyr vandra inn både til Svinefjell i sør og lenger nord inn i det noverande leveområdet for villreinen i Brattefjell-Vindeggen. Noko tilsvarande skjedde vinteren 1972.

Og frå 1970 og utover kunne ein treffe på opptil 100 dyr i ein flokk i Brattefjell-Vindeggen. Dyra heldt seg mykje borti Månelibrotet mot Rjukan.  Men veksten i stamma skaut ikkje fart før etter at ein etablerte jaktoppsyn på midten av 1970-talet. Det var mistanke om eit visst uttak av dyr i form av ulovleg jakt. Stamma voks no fort og var på ca 1200 dyr då ein opna for jakt for fyrste gong i 1980. Villreinforskar Terje Skogland meinte at stamma no var for stor til at beitet kunne haldast vedlike.

I denne perioden auka det òg kraftig på med folk i einskilde område. Dette var før utbygginga av Gaustablikk, og folk søkte seg ofte til fjells med Skinnarbu som utgangspunkt for skiturar. Hydro hadde feriestad på Frøystul, ein svært populær stad. Og mange gjekk inn i villreinområdet. Dyra blei uroa og då der òg var for mykje dyr,  førte dette til at lavmattene blei trødde sund. Dyra skinnbeitte ofte og fekk ikkje i seg nok næring.

Jakt frå 1980

Villreinjakta kom i stand i form av eit interkommunalt samarbeid mellom Vinje, Hjartdal Seljord og Tinn. Dette var eit pionerprosjekt i høve til denne typen samarbeid over kommunegrensene. Brattefjell-Vindeggen hadde ikkje etablerte grunneigarsamarbeid slik som ein over tid hadde opparbeidd seg rundt Hardangervidda. Så kom villreinforskarar inn i biletet for å utforme ein fornuftig forvalting av området; Eldar Gaare og Terje Skogland var forskarar som bidrog til å finne eit dyretal som høvde for dette avgrensa området. Då ein starta opp med arbeidet var stamma omkring 1200 dyr, eit tal som viste seg å vera alt for høgt i høve til ei berekraftig stamme. Fyrste hausten med jakt blei det felt mange store bukkar, ja, heilt opp i 120 kg. Villreinen som hadde etablert seg i området på 1960- og 70-talet kom til eit eventyrleg beite, dette førte til at vektene på dyra gjekk opp. Slik fekk Brattefjell-Vindeggen frå starten av ord på seg for å vera eit ”krem”-område med store dyr. Men etter kvart har vektene gått ned og er i dag på same nivået som inne på Hardangervidda.

Eit villreinutval sett saman av grunneigarane hadde blitt oppretta i førekant før ein sette i gang med ordinær jakt, men det endelege klarsignalet kom frå Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim. Dei fyrste åra gjekk bukkeflokkane i Svinefjell / Silkedalen – eit område som i dag er sterkt prega av turismen i Vierliområdet. Og etterkvart som denne turistnæringa auka på, flytte bukkeflokkane seg frå heilt i vest til heilt i aust i området, dvs. til områda mot Tinnsjøen, mot Heddersvatn og Håkanesfjellet. Dyra kryssa vegen ved Gaustaknea. I dag er det berre unntaksvis dyr aust for Gausdalen.

Det var mange ferske reinsdyrjegerar, fyrst og fremst grunneigarar. Og det tok tid å etablere gode rutinar i eit område som hadde mest erfaring med elg- og rådyrjakt. Fyrste åra var naturleg nok difor prega av noko skamskyting. Difor blei oppsynet med jakta viktig heilt frå starten, ikkje minst i form av informasjonsverksemd.

Frå tida då ein starta opp med jakt i Brattefjell-Vindeggen i 1980 og fram til no, dvs. 2013, har tyngdepunktet i turismen flytta seg, trafikken har gått ned i Skinnarbuområdet, men har auka sterkt rundt Vierli og i Svinefjell, men òg i områda ved Gausta, rundt Sudbø i Åmotsdal, Svartdalsheiane m.m. Talet på dyr har gjenge ned og er nå på litt over 400 vinterdyr. Mange meiner at eit idealtal på dyr bør liggje på omlag 500 for Brattefjell-Vindeggen villreinområde. Grunnen til at dette enno ikkje er nådd, er at det tek tid å byggje opp att beitet etter at stamma var for stor då ein sette i gang i 1980. ”Ein skulle sett i gang med jakt fem år før”, har det blitt hevda. Auka ferdsle og aktivitet spelar truleg òg ei rolle i denne problematikken.

Fuglelivet

Brattefjell-Vindeggen er eit landskapsvernområde som har mykje variasjon.  Her finn me høgfjell, vatn og tjørnar av mange slag, myrar både i skogsterreng og i fjellet, og skogsområde i form av gammal barskog og bjørkeskog opp mot fjellet. Dette gjev i sum gode føresetnader for eit rikt og variert fugleliv.

I høgfjellet er talet på artar til vanleg mindre og Brattefjell-Vindeggen er ikkje noko unntak. Fjellrype, heipiplerke, ramn og steinskvett er karakterartane. Ein kan treffe på boltit som truleg hekkar i området. Heilo og ringtrost opptrer noko lågare i terrenget og finst spreidd over store område. Snøspurv er berre kjent frå Gaustamassivet.

På våtmarkene i høgfjellet, i myr og ved tjørn, er raudstilken den vanlegaste og ofte den einaste vadefuglen. Litt lenger ned i terrenget kjem både grønnstilk, strandsnipe og vipe inn. Og nede i barskogen finst òg spreidde par av gluttsnipe. Enkeltbekkasin finst i område der myr og vårmark dominerer, namnet ”mekregauk” har han fått på grunn av den karakteristiske stupflukta. Rugde og det kjende rugdetrekket kan ein sjå på kveldstid og om nettene både i skogsområde lågare ned og på myr opp til ca. 1000 moh.

Fiskemåke hekkar spreidd i mange fjellvatn over skoggrensa. Storlom hekkar nok òg spreidd i området, sjølv om ein har få funn å vise til. Smålom er nykommar som hekkefugl i Telemark og hekking er påvist innafor landskapsvernområdet.

Av andefuglane er det stokkand og krikkand som er dei vanlegaste. Toppand finst både i barskog og i bjørkebeltet, medan kvinand truleg er hekkefugl i barskogen.

Dei mest karakteristiske rovfuglane i høgfjellet er fjellvåk og tårnfalk, men bestanden varierer som alltid sterkt i høve til tilgangen på smågnagarar. Kongeørn opptrer spreidd og må reknast som hekkefugl innafor området. Fiskeørn er observert, og hekking er sannsynleg, men er enno ikkje påvist. Dvergfalk er relativt vanleg, medan dei to største falkane, jaktfalk og vandrefalk, er langt sjeldnare å treffe på. Det er usikkert om dei hekkar innafor området.

Fleire par med trane hekkar innafor området og er helst å finne i terreng med vekslande skog og myr i 600-800 moh.

Lavskrike som er trufast mot territoriet sitt året rundt, kan ein treffe på  spreidd i eigna lokalitetar i øvre delar av granskogen, særleg i sørlege og austlege delar av landskapsvernområdet.

På støylsvollane treffer ein ofte på både linerle, gulerle, gråtrost og av og til taksvale, men også buskskvett kan ein sjå spreidd på slike opne stadar der brisken dominerer.

Blåstrupen, ”fjellets nattergal”, finst òg spreidd i dei meir høgtliggande områda i bjørkebeltet.

Lirype, orrfugl og tiur hekkar alle innafor landskapsvernområdet, men bestanden vil variere ein del, særleg har bestanden av lirype vist store variasjonar.