Statens naturoppsyn i Breheimen. Foto: Eldrid NedreloVillrein Foto: P.O.HaugenRåsane i Mørkridsdalen Foto: Liv Byrkjeland - SNOMårådalen mot Raudegga Foto: Bjørn Dalen

Breheimen

- frå evig is til frodige stølsdalar

I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Verneområdet går frå det meir oseaniske klimaet i vest, over Langfjella, til det typiske kontinentale på austsida. Området strekkjer seg frå kring 100 moh. ved starten av Mørkridsdalen til toppen av Store Hestbrepigg på 2172 moh. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år.

I dag finn ein alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre. Her er eit breidt spekter av naturopplevingar, landskapsopplevingar og friluftsopplevingar.

Sjå eit utval av bilete i biletgalleriet.


Abonner på nyhende frå nasjonalparkstyret og naturoppsynet: Klikk her

 


Nyhende

Referat frå ope møte - Framlegg til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Kyr på Dalen

Torsdag 30. mars var det ope møte om Utkast til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde på Fjordstova i Skjolden.  Det var mange frammøtte, og grunneigarane viste igjen stort engasjement i dette viktige arbeidet.

(Publisert:07.04.2017)

Ope møte - Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Oversikt Mørkridsdalen

  Norsk institutt for bioøkonomi har utarbeidd framlegg til skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde etter oppdrag frå Breheimen nasjonalparkstyre. Vi inviterer alle interesserte til ope møte:Torsdag 30. mars kl. 19.00 i biblioteket på Fjordstova i Skjolden. 

(Publisert:17.03.2017 Sist endret:07.04.2017)

Vis omsyn til villrein i vinterfjellet!

Frå teljing av villrein i Breheimen.

Breheimen nasjonalparkstyre oppmodar om at folk som er på tur i Breheimen held god avstand til villreinen, både einskilde individ og flokkar, og at ein held hunden i band når ein ferdast i villreinterreng slik at dyra ikkje vert uroa. Ein bør vere særleg merksam om ein ferdast i området frå Djupvatnet/Oppljostunnelen, sørover inn på Langvassegga, og frå Grotli mot Skridulaupområdet. 

(Publisert:31.01.2017 Sist endret:07.04.2017)

Informasjons- og drøftingsmøte for reiselivet i Luster

Nasjonalparkane våre gir oss særs gode rammer for flotte naturopplevingar! Her frå Vanndalen, innfallsport til Breheimen nasjonalpark, og Jostedalsbreen nasjonalpark i bakgrunnen.

Reiselivsnæringa i Luster kommue er velkommen til informasjons- og drøftingsmøte torsdag 9. februar kl. 18.00 på Gaupnetunet hotell. Påmelding innan 6. februar til olav.grov@luster.kommune.no. 

(Publisert:05.01.2017 Sist endret:07.04.2017)

Velkommen til samling om verdiskaping!

Issoleie i Breheimen.

Nasjonalparkforvaltarane i Oppland og sekretariatet for nasjonalparkkommunane i Norge inviterer til samling om verdiskaping i nasjonalparkane våre i Lom den 19. og 20. oktober! Samlinga er retta mot bedrifter i og rundt Breheimen nasjonalpark med omkringliggjande område.

(Publisert:12.04.2016 Sist endret:07.04.2017)

Kva ønskje har lokale friluftsutøvarar for Breheimen?

Statens naturoppsyn ser til at alt er som det skal ved sjølvregistreringskassen i Vanndalen.

Breheimen nasjonalparkstyre vil i sommar gjennomføre ei undersøking blant folk som ferdast på tur i Breheimen. Målet med undersøkinga er å få betre oversikt over kven som brukar området, kva dei gjer, og ikkje minst kva ønskje dei har for t.d. informasjon, merking av stiar og fysisk tilrettelegging som til dømes klopplegging av blaute parti.

(Publisert:04.07.2016 Sist endret:07.04.2017)
Vis nyhetsarkiv