Nasjonalparkstyret


 

Breheimen nasjonalparkstyre er oppnemnd av Miljøverndepartementet som forvaltningsmynde for verneforskrifta for:

  -  Breheimen nasjonalpark
  -  Strynefjellet landskapsvernområde
  -  Mysubytta landskapsvernområde
  -  Høydalen landskapsvernområde
  -  Mørkridsdalen landskapsvernområde
  -  Vigdalen landskapsområde
  -  Høyrokampen naturreserva
  -  Honnsrøve naturreservat

Dokument som vert sendt inn til eller ut frå nasjonalparkstyret vert arkivert hjå Fylkesmannen i Oppland. Derfor er postadressa til nasjonalparkstyret den same som til Fylkesmannen i Oppland. Dette kvalitetssikrar arkivfunksjonen og gjer alle offentlege dokument knytt til nasjonalparkstyret tilgjengelege gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP). Under er ein link til dokument som er knytt til Breheimen nasjonalparkstyre siste månaden på OEP. Klikk på "endre søkekriterie" for å utvide eller innskrenke søket i tid.