Rådgjevande utval


Oversikt over interessegrupper og organisasjonar som er representerte i rådgjevande utval

Rådgjevande utval skal sikre involvering av ulike interesser i verneområdet: Grunneigarar, næringsinteresser og miljøorganisasjonar. Det rådgjevande utvalet skal ikkje handsame einskildsaker, men kunne gje uttale om overordna strategiar og særlege forhold.

På styremøte 3/2011 den 20. juli i 2011, sak 44/2011 vedtok Breheimen nasjonalparkstyre samansetjing av det rådgjevande utvalet. Det vidare arbeidet med det rådgjevande utvalet har drege ut i tid. I sak 55/2013 vart saka teke opp att og nåverande styre gjekk gjennom saka på nytt. I tillegg til små justeringar i samansetjing av utvalet vart det vedteke retningsliner for utvalet.
Desse finn du her:

Fagleg rådgjevande utval - Breheimen
1 grunneigarrepresentant frå kvar kommune 3 stk
1 representant frå Statskog SF 1 stk
1 representant frå Lom Tamreinlag 1 stk
1 representant frå Ottadalen villreinutvalg 1 stk
1 representant frå Norsk Fjellmuseum 1 stk
1 representant frå Breheimsenteret 1 stk
1 representant frå DNT Oslo og Omegn 1 stk
1 representant frå Norges Bondelag / Norsk bonde- og småbrukarlag 2 stk
1 representant frå Forum for natur og friluftsliv 1 stk
Til saman 12 stk

 

Føremål og retningsliner for Fagleg rådgivande utval i Breheimen

 Føremål
- Hovudmålet med utvalet er å sikre samhandling mellom forvaltningsmyndigheita og alle
   aktørane som representerer ulike brukarinteresser i verneområda.
- Etablere samarbeid og rutinar som sikrar ei heilskapleg forvaltning og likebehandling i heile 
   området?
- Det fagleg rådgivande utvalet skal fungere som ei støttegruppe for
   nasjonalparkforvaltar/nasjonalparkstyret

Retningsliner – oppgåver og rutinar
- Fagleg rådgivande utval skal sikre eit godt samarbeid mellom nasjonalparkstyret og partar med
  interesser i verneområda i Breheimen. Eit breitt utval av dei berørte interessene og særleg dei
  interessene som er mest påverka av vernet skal vere representert i utvalet.
- Utvalet skal ikkje handsame einskildsaker, men kunne gi råd om overordna strategiar.
- Utvalet skal bidra med lokal kunnskap og kome med innspel om, og drøfte saker knytt til 
  forvaltning, bruk og utvikling av verneområda i Breheimen. T.d. i saker som gjeld  
  forvaltningsplan, skjøtselsplan, bestillingsdialog osv.

Samansetjing av utvalet
Styret vel organa som skal vere representert i det fagleg rådgivande utvalet, jf. punkt 9 i vedtektene for Breheimen nasjonalparkstyre. Dei valde organa innstiller to kandidatar, ein av kvart kjønn. Breheimen nasjonalparkstyre vel representantar og vararepresentantar.

 Praktiske forhold
- Breheimen nasjonalparkstyre er vert for møta.
- Det skal haldast minimum eit årleg møte, i god tid før bestillingsdialogen. Elles om heilt spesielle
   saker bør drøftast.
- Møtet skal førehandsvarslast minst 1 månad før avvikling.
- Innspel til dagsorden må sendast sekretariatet for Breheimen seinast tre veker før møtet.
- I tillegg til valde representantar kan Administrativt kontaktutval, SNO.
- Etter møteavvikling skal alle organ få tilsendt referat frå møtet, samt Administrativt kontaktutval,
  SNO, Fylkesmennene og Miljødirektoratet.
- Breheimen nasjonalparkstyre dekker reiseutgifter for møterepresentantane i samsvar med
  satsane i staten, i tråd med brev frå Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) datert
  01.11.2012.

Desse reglane er vedtekne av Breheimen nasjonalparkstyre i sak 55/2013.

(Publisert:29.11.2011 Sist endret:07.10.2013)