Anbod - Arbeid på buforvegar, stiar og murar i Mørkridsdalen landskapsvernområde

Legging av nye klopper på Dulsete.
Legging av nye klopper på Dulsete., Foto: Liv Byrkjeland, SNO

Breheimen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om kjøp av teneste for istandsetting og oppgradering av buforvegar, stiar, og  murar i Mørkridsdalen landskapsvernområde. 

Arbeidet krev særlege omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiar sidan arbeidet skjer innanfor landskapsvernområdet, verna i medhald av naturmangfaldlova. Du finn meir informasjon i oppdragsskildringa.

Vi ber interesserte registrere seg i Fylkesmannen sitt elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy. Rettleiing for registrering finn du her.

Etter at du har registrert bedrifta i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet, må du senda ein e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no og be om invitasjon til konkurransen.

Tilbodsfrist er 24. april 2018 kl. 12.00

(Publisert:23.03.2018)