Anbod - Uttak av gran i Vigdalen landskapsvernområde

Gran på Vigdalstølen (Sagavollen).
Gran på Vigdalstølen (Sagavollen)., Foto: Breheimen nasjonalparkstyre

Breheimen nasjonalparkstyre ønskjer tilbod på uttak av gran i Vigdalen landskapsvernområde. Oppdraget femner om manuell hogst og uttransport av gran frå Vigdalstølen (Sagavollen) og frå ein lokalitet ved elva aust for Vedahaugane.


Arbeidet krev særlege omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiar sidan hogsten skjer innanfor landskapsvernområdet, verna i medhald av naturmangfaldlova. Tilbydar må disponere snøskuter med slede.

Vi ber om at interesserte registrerer seg i Fylkesmannen sitt elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy via denne lenka: https://eu.eu-supply.com/ctm/Company/CompanyRegistration/RegisterCompany

Etter at du har registrert bedrifta i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet må du sende ein e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no og be om invitasjon til konkurransen.

Tilbodsfristen er: 19. mars klokka 12. 

(Publisert:26.02.2018 Sist endret:23.03.2018)