Breheimen er viktig for lokal verdiskaping

Spørjeundersøkinga som vart gjennomført i 2016 viser at 3 av 4 nyttar Breheimen til dagsturar.
Spørjeundersøkinga som vart gjennomført i 2016 viser at 3 av 4 nyttar Breheimen til dagsturar., Foto: Eldrid Nedrelo


Dei besøkande i Breheimen ønskjer å oppleve villmark og dramatiske landskap, syner ei heilt ny besøksundersøking gjort for Breheimen nasjonalparkstyre. Dei fleste er på fottur, 40 % av dei er utlendingar, mange frå Tyskland. Trass i at dei berre er på dagstur i området, overnattar dei aller fleste i regionen. Vi er glade for at vi har fått betre oversikt over bruken av områda, fortel styreleiar i Breheimen nasjonalparkstyre Marit Aakre Tennø.

 

Norsk Institutt for naturforsking (NINA) publiserte nyleg ein rapport om «Bruken og brukarane i Breheimen 2016». Rapporten byggjer på opplysningar frå spørjeundersøkinga som vart gjennomført i ulike innfallsportar til Breheimen i Lom, Luster og Skjåk sommaren 2016, og i ei etterundersøking sist vinter. Spørjeundersøkinga var retta mot dei som kom til området i perioden juli – oktober, og dei vart spurt om bruken av området gjennom året.

Det vart m.a. samla inn informasjon om kvifor dei besøkande kjem til Breheimen, korleis folk ferdast i området, omfanget av ferdsla, kvar dei som brukar Breheimen kjem frå, og kva dei tenkjer om t.d. tilrettelegging i naturen osv.

I følgje rapportforfattarane er det «naturopplevinga, ønskje om å oppleve villmark og dramatiske landskap som er hovudgrunnane for å besøke Breheimen. Svært viktig er også det å kjenne seg fri, å oppleve fred og ro, og det å kunna gå langtur. Undersøkinga viser at dei fleste fylgjer stiane, og det er også tydeleg at godt merka stiar og tydeleg skilting er verdsett. Stiane er særleg verdsett fordi det gjer det lettare og tryggare å gå. Fottur er også den klart mest dominerande aktiviteten. Blant vinteraktivitetar er skiturar utanfor oppkøyrde eller kvista (vintermerka) løyper mest utbreidd..»

Om ein ser nærare på detaljane i rapporten, viser undersøkingane at Breheimen er i mellomsjiktet av norske nasjonalparkar når det gjeld tal besøkande. Det ser ut til å vere fleire besøkande enn det er i nasjonalparkar som Langsua og Forrollhogna, men langt færre enn i meir kjende nasjonalparkar som Rondane og Jotunheimen. Likevel ser vi at innfallsporten i Dumdalen i Breheimen ser ut til å ha like mange besøkande som t.d. Knutshø i Jotunheimen nasjonalpark om vi samanliknar med tal frå 2016 i Jotunheimen.

Av dei som svara på undersøkinga er 75% av dei besøkande tilreisande, og berre 11 % av dei besøkande bur i ein av kommunane som Breheimen femner om, Lom, Luster og Skjåk. Dette kan kanskje skuldast at ein del av dei lokale ikkje bryr seg om å svare på slike undersøkingar. Fleirtalet av dei besøkande i Breheimen er nordmenn, likevel er heile 42 % av dei besøkande frå utlandet. I følgje rapporten er delen utlendingar i Breheimen høgre enn i dei fleste andre nasjonalparkane der det er gjort tilsvarande undersøkingar til no, men Jotunheimen og Femundsmarka har fleire utlendingar. I alt er det registrert 34 nasjonalitetar i Breheimen, i tillegg til nordmenn. Vi ser at den klart største gruppa av utlendingar kjem frå Tyskland, og deretter følgjer besøkande frå Nederland, Belgia, Sverige og Danmark.

Dei aller fleste av dei som kjem til Breheimen seier at dei er på fottur (83 %), men vi ser også at for fleire er topptur, trimtur, fisketur, bær -og sopptur formålet med turen.

I alt 89% av dei besøkande har overnatta i eller i nærleiken av Breheimen, trass i at ¾ av dei har vore på dagstur. Eg vil tru desse tala er av interesse for m.a. reiselivet i regionen, seier nasjonalparkforvaltaren. Det ser ut til å vere stor variasjon  i overnattingstypane som er nytta, men rapporten viser at det er størst tal som overnattar på turisthytter, samstundes som hotell/pensjonat er meir brukt enn telt. 44 % av dei besøkande hadde Breheimen som hovudmål med turen, og 69 % svara at det var nøye planlagt at dei kom hit.

I følgje rapportforfattarane set nordmenn meir pris på fysisk tilrettelegging i turområdet enn dei som kjem frå utlandet, og dei er meir positive til å møte folk. Nesten alle liknande nasjonalparkundersøkingar viser at utlendingar i noko i større grad verdset naturen naturell, men skilnadene mellom dei to gruppene er ikkje så veldig store. Vi ser m.a. at det er brei semje om at sti eller tiltak ved sti som t.d. bruer er gode tiltak.

-Det er eit viktig satsingsområde frå nasjonalt hald at vi skal gi den besøkande gode opplevingar i nasjonalparkane i Norge, samstundes som vi skal ta vare på naturverdiane, og bidra til lokal verdiskaping  fortel Marit Aakre Tennø, styreleiar i Breheimen nasjonalparkstyre. Vi vil difor prioritere arbeidet mot dei besøkande høgt framover. For å lukkast med dette, er vi no glade for at vi har fått betre oversikt over kven og kor mange som brukar områda, kva tankar dei besøkande har om ulike typar tilrettelegging, inkludert informasjon osb. I det vidare arbeidet med ein besøksstrategi vil vi måtte gjere nokon strategiske val, kan me legge til rette for auka turisme i nokre område og er der område som er så sårbare at dei bør skjermast? Før strategien vert endeleg vedteken, skal den høyrast, og i arbeidet framover ønskjer vi godt samarbeid med både kommunane, reiselivet og folk lokalt, understrekar Tennø, og legg til at alle nasjonalparkane skal ha utarbeidd ein plan for korleis ein skal ta i mot dei besøkande i nasjonalparkane innan 2020 i ein besøksstrategi.

Rapporten om Bruken og brukarane i Breheimen 2016 finn du her.

(Publisert:21.09.2017)