Forvaltingsplan for verneområda i Breheimen

Tverrådalskyrkja 2088 moh. sett frå Tverrådalen. Tverrådalskyrkja er grensefjell mellom Luster og Skjåk kommunar, og er kanskje det mest kjende fjellet i Breheimen.
Tverrådalskyrkja 2088 moh. sett frå Tverrådalen. Tverrådalskyrkja er grensefjell mellom Luster og Skjåk kommunar, og er kanskje det mest kjende fjellet i Breheimen., Foto: Øyvind Angard


Forvaltingsplan for verneområda i Breheimen føreligg endeleg i trykt utgåve! Planen er sendt til grunneigarar og andre med interesse i områda. Miljødirektoratet har godkjent planen og Breheimen nasjonalparkstyre har vedteke han.

Forvaltingsplanen femner om følgjande område:

  • Breheimen nasjonalpark
  • Strynefjellet landskapsvernområde
  • Mysubytta landskapsvernområde
  • Høydalen landskapsvernområde
  • Mørkridsdalen landskapsvernområde
  • Vigdalen landskapsvernområde
  • Høyrokampen naturreservat

 

Prosessen har vore lang, og tok til allereie gjennom verneplanarbeidet for Breheimen, der Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utarbeidde ei skisse til forvaltingsplan. Breheimen nasjonalparkstyre vidareførde arbeidet og sende planen på ei brei høyring i tre månader sommaren 2015, der det kom inn 40 høyringsuttalar. Desse vart oppsumert og kommentert i eit eige dokument. Det vart halde opne orienteringsmøte i kvar av kommunane Lom, Luster og Skjåk, og nasjonalparkforvaltarane hadde opne kontordagar i kvar av kommunane. Miljødirektoratet godkjende planen i 2016, og nasjonalparkstyret vedtok planen i mars 2017. 

Forvaltingsplanen er trykt og sendt ut til grunneigarar, Lom kommune, Luster kommune, Skjåk kommune og andre brukarinteresser i områda. Gi oss gjerne tilbakemelding om du ynskjer papirkopi.

Vi takkar for innspel i prosessen og håpar på eit godt samarbeid i det vidare arbeidet med forvalting av verneområda i Breheimen!

Forvaltingsplan for verneområda i Breheimen, hovuddokument Forvaltingsplan for verneområda i Breheimen, vedlegg

(Publisert:22.08.2018 Sist endret:07.09.2018)