Høyring - Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde

Kyr på beite i setergrenda på Mysubytta.
Kyr på beite i setergrenda på Mysubytta., Foto: Bjørn Dalen

Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde er på høyring i perioden 22. mai - 1. august 2017. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaget er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanen er å gi råd både om naudsynte restaureringstiltak og om skjøtselstiltak som bør kome etterpå.

Breheimen nasjonalparkstyre er ansvarleg for forvaltninga av Mysubytta landskapsvernområde og at det vert utarbeidd ein skjøtselsplan. På oppdrag frå nasjonalparkstyret har Norsk Institutt For Bioøkonomi (NIBIO) utarbeidd utkastet til skjøtselsplan som no vert sendt på høyring.

Kva ønskjer vi tilbakemelding på i høyringa?

Vi ønskjer særleg innspel på innhaldet i den spesielle delen, «Utkast til Skjøtselsplan for heilskapleg kulturlandskap Mysubytta landskapsvernområde», og som omhandlar følgjande tema:

  • Forslaga til tiltak. For kvar naturtype ( naturbeitemark, sørvendt berg og rasmark og rydding/tynning av skog langs Myubyttvegen) er det lista opp aktuelle skjøtselsbehov og ei prioritert tiltaksliste.  
  • Faktafeil. Dersom det skulle vere feil fakta i lokalitetsskildringane, særleg avsnitta kalla «Lokalisering og naturgrunnlag», ønskjer vi å få rette opp dette.


Frist for å uttale seg til framlegget er 1. august 2017. Vi ber om at uttalen vert sendt på e-post til fmoppost@fylkesmannen.no. Uttalen kan også sendast til Breheimen nasjonalparkstyre, Postboks 987, 2626 Lillehammer.

Kontakt

Har de spørsmål til skjøtselsplanen, tak kontakt med nasjonalparkforvaltaren:
Bjørn Dalen - telefon 977 37 221, eller på e-post fmopbda@fylkesmannen.no.

Etter høyringa

Nasjonalparkstyret vil vurdere kvart einskild innspel som kjem inn under høyringa med sikte på å innarbeide dei i skjøtselsplanen. Endeleg utkast til skjøtselsplan vil bli utarbeidd med bakgrunn i høyringa. Vi tek sikte på å legge endeleg utkast til skjøtselsplan fram for Rådgjevande utval i Breheimen etter høyringa, hausten 2017. Det er nasjonalparkstyret som endeleg godkjenner skjøtselsplanen, og skjøtselsplanen vil bli lagt fram for nasjonalparkstyret for endeleg godkjenning etter at den er presentert for Rådgjevande utval. 

(Publisert:18.05.2017 Sist endret:21.09.2017)