Ope møte - Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Oversikt Mørkridsdalen
Oversikt Mørkridsdalen, Foto: Bjørn Bergum

 


Norsk institutt for bioøkonomi har utarbeidd framlegg til skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde etter oppdrag frå Breheimen nasjonalparkstyre. Vi inviterer alle interesserte til ope møte:
Torsdag 30. mars kl. 19.00 i biblioteket på Fjordstova i Skjolden. 

Utkast til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

 

Norsk institutt for bioøkonomi v/Bolette Bele vil presentere innhaldet i planen og vi vil svare på spørsmål.
Skjøtselsplanen vil bli sendt på høyring i etterkant av møtet, slik at alle som ynskjer kan koma med skriftlege innspel til planen.

Arbeidet med skjøtselsplanen starta opp sommaren 2016. Nasjonalparkstyret sende ut orientering om oppstart av arbeidet til 70 grunneigarar med invitasjon til oppstartsmøte og synfaringar. Norsk institutt for bioøkonomi har hatt eigne synfaringar i området der dei mellom anna har kartlagt naturtypar og vurdert behovet for ulike skjøtselstiltak i området.

Dersom du ynskjer å få dokumentet tilsendt, kan du kontakte nasjonalparkforvaltaren på e-post: fmsfene@fylkesmannen.no.

Vel møtt på Fjordstova torsdag 30. mars kl. 19.00!

 

(Publisert:17.03.2017 Sist endret:24.05.2017)