Referat frå ope møte - Framlegg til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Kyr på Dalen
Kyr på Dalen, Foto: Eldrid Nedrelo

Torsdag 30. mars var det ope møte om Utkast til Skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde på Fjordstova i Skjolden.  Det var mange frammøtte, og grunneigarane viste igjen stort engasjement i dette viktige arbeidet.


Nasjonalparkstyret takkar så mykje for frammøtet, og for alle innspel vi har motteke til no!

Skjøtselsplanen vil bli lagt ut for høyring etter påske, slik at alle som ynskjer kan koma med skriftlege innspel til dokumentet. Høyringsperioden vil gå over to månader. Etter høyringa vil vi oppsummere alle innspela og vurdere eventuelle endringar i dokumentet før det endelege framlegget til plan vert lagt fram for Rådgjevande utval og nasjonalparkstyret,. Det er nasjonalparkstyret som endeleg godkjenner skjøtselsplanen.

(Publisert:07.04.2017 Sist endret:24.05.2017)