Styreseminar om besøksforvaltning

 


Nasjonalparkstyra for Breheimen, Jostedalsbreen og Jotunheimen inviterer til felles samling for å arbeide med temaet besøksforvaltning. Aktuelle spørsmål vi skal jobbe med er kven som besøker områda våre, og korleis kan vi tilpasse informasjonen til dei ulike brukargruppene.

Vil til dømes ein bilselgjar frå Kyoto etterspørre anna informasjon enn ein professor frå Köln? Målet vårt er å gje dei besøkande ein god oppleving i og rundt verneområda. Då må vi også vite meir om dei besøkande.

Nasjonalparkane er i ulike stadium i kunnskapsinnhentinga, og vil presentere resultat frå brukarundersøkingar. Vi vil også få lære litt meir om dei besøkande til nasjonalparksentra, og kva turistane etterspør der. Etter gruppearbeid blir det middag og kveldsforedrag med Marianne Reusch, spesialist på allemannsretten. Kveldsforedraget er ope for alle, og vi håper mange vil komme og høyre om dette aktuelle temaet.

På dag 2 vil dei tre styra ha synfaringar i sine område. Breheimen nasjonalparkstyre planlegg tur inn Mørkridsdalen for å sjå på skjøtselstiltak og arbeid i kulturlandskapet. Jotunheimen nasjonalparkstyre skal gå inn til Vettisfossen for å sjå på potensielle tilretteleggingsgrep inne i Utladalen. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre planlegg skitur opp på breplatået viss det blir fint vær, eller tur til Tuftebresteinen viss været er gråare.

Målgruppe for seminaret er styremedlem frå dei tre styra, nasjonalparksentra, reiselivsrepresentantar og andre som jobbar med tema besøksforvaltning og verneområde.

Program:

  • 1000-1130: Styremøte
  • 1130-1245: Lunsj
  • 1245-1400: Seminar
  • 1400-1415: Kaffi
  • 1415-1645: Gruppearbeid
  • 1645-1700: Oppsummering
  • 1800: Middag (hotellet)
  • 2000: SNO sitt møte med besøkande
  • 2020: Marianne Reusch: Allemannsretten; eit gode og ei utfordring. Med spesielt fokus på verneområde.

 

Påmeldingsfristen er er 24. mai. Grunna få rom på herberget, ber vi om at flest mogeleg deler rom. Dei som deler rom får sove nærmast middagslokaliteten...

Marianne Reusch, spesialist på allemannsretten.

(Publisert:28.03.2017 Sist endret:21.09.2017)

Påmeldingsfrist utgått