Vis omsyn til villrein i vinterfjellet!

Frå teljing av villrein i Breheimen.
Frå teljing av villrein i Breheimen., Foto: SNO-Øyvind Angard


Breheimen nasjonalparkstyre oppmodar om at folk som er på tur i Breheimen held god avstand til villreinen, både einskilde individ og flokkar, og at ein held hunden i band når ein ferdast i villreinterreng slik at dyra ikkje vert uroa. Ein bør vere særleg merksam om ein ferdast i området frå Djupvatnet/Oppljostunnelen, sørover inn på Langvassegga, og frå Grotli mot Skridulaupområdet. 

Statens naturoppsyn melder om at forholda i vinterfjellet no gjer det vanskeleg for villreinen. Beitet er prega av den spesielle vinteren med vekslande mildvèr og kulde. Normalt gode beite er sterkt nedisa, og det er vanskeleg for reinen å grave etter lav og lyng. Den harde skarden som er i fjellet gjer det ikkje lettare for dyra å finne føde.

Villreinen er særleg sårbar vinterstid når det tærer på ressursane, og det vert ekstra vanskeleg for dyra under dei tilhøva som er i beiteområda no. Dette er altså bakgrunnen for at vi no bed folk som ferdast i område med villrein om å halde god avstand til dyra slik at dei ikkje vert uroa.

(Publisert:31.01.2017 Sist endret:21.09.2017)