Verneområde

 


 

 

Breheimen nasjonalparkstyre er forvaltningsmynde for åtte verneområde som grensar mot kvarandre. Kvart av verneområda har si forskrift, men dei har ein felles forvaltningsplan. Skjøtselsplanar kan utarbeidast for eit verneområde eller ein del av eit verneområde.

Under er ein presentasjon av kvar av verneområda.


Breheimen nasjonalpark

Dei indre delane av verneområdet er utan særlege tyngre tekniske inngrep som veger, kraftanlegg og større stølsvollar og er verna som nasjonalpark. Nasjonalparken er på 1691 km2.

Magnus Snøtun (Publisert:20.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Strynefjellet landskapsvernområde

  Strynfjellet landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 11,8 km2. Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark i Skjåk kommune.

Magnus Snøtun (Publisert:20.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Mysubytta landskapsvernområde

Mysubytta landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 5,6 km². Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark i Skjåk kommune.

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Høydalen landskapsvernområde

  Høydalen landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 11,1 km². Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark og Høyrokampen naturreservat i Lom kommune.

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Mørkridsdalen landskapsvernområde

Mørkridsdalen landskapsvernområde er eit frodig og varierande verneområde som er sterkt påverka av tradisjonell landbruksdrift. Her er store verdiar knytt til biologisk mangfald, verna vassdrag,stølsvollar og kulturminne.

Magnus Snøtun (Publisert:05.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Vigdalen landskapsvernområde

Vigdalen landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 29,2 km². Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark og ligg i Luster kommune.

Magnus Snøtun (Publisert:05.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Høyrokampen naturreservat

  Høyrokampen naturreservat vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 9,9 km².

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:08.04.2016)

Honnsrøve naturreservat

Ulvelav i Framrusti i Tundradalen, Honnsrøve naturreservat.

Honnsrøve naturreservat vart oppretta i 10.06.2005 og dekkjer eit areal på 16,5 km². Naturreservatet grensar inntil Breheimen nasjonalpark i Skjåk kommune.

(Publisert:08.04.2016)