Styret

Tverrfjellhytta (Viewpoint Snøhetta) med Skredahøin, Svånåtindan, Langvasstind og Snøhetta bak.
Tverrfjellhytta (Viewpoint Snøhetta) med Skredahøin, Svånåtindan, Langvasstind og Snøhetta bak., Foto: Carl S Bjurstedt

Dovrefjell nasjonalparkstyre vart i 2010 gjeve ansvaret som forvaltningsstyresmakt for verneområda i Dovrefjell frå Miljøverndepartementet (no Klima- og miljødepartementet). Departementet har gjeve vedtekter for styret og har oppnevnt styret etter framlegg frå kommunane. Frå 2015 har mynde til å nemne opp styret og gje vedtekter vore flytt til miljødirektoratet. Styret fekk nye vedtekter i august 2015.
Liste over medlemmer og vara, med lenker videre til kontaktopplysningar... 

Nasjonalparkstyret skal forvalte verneområda i samsvar med internasjonale forpliktelser, naturmangfoldlova og verneforskriftene for kvart verneområde. Alle i styret har eit felles ansvar for ein heilskapleg forvaltning av verneområda. Hovudoppgåva til styret er å ta vare på verneverdiane og verneformåla for områda.

Nedanfor oversyn over dei verneområda nasjonalparkstyret har ansvar for:

  -  Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark
  -  Knutshø landskapsvernområde
  -  Åmotsdalen landskapsvernområde
  -  Dalsida landskapsvernområde
  -  Eikesdalsvatnet landskapsvernområde
  -  Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde
  -  Jora landskapsvernområde
  -  Fokstugu landskapsvernområde
  -  Torbudalen biotopvernområde
  -  Sandgrovbotn-Mardalsbotn biotopvernområde
Desse vart oppretta då verneplan for Dovrefjell vart vedteke i mai 2002. I tillegg kjem desse eldre verneområda:
  -  Flåman naturreservat 
  -  Bjørndalen naturreservat
  -  Nordre Snøfjelltjønn naturreservat
  -  Mardalen naturreservat
  -  Drivdalen/Kongsvoll/Hjerkinn landskapsvernområde (3 LVO med eins forskrift) 

Dokument som blir sendt inn til eller ut fra nasjonalparkstyret blir arkivert hos Fylkesmannen i Oppland. Derfor er postadressa til nasjonalparkstyret den samme som til Fylkesmannen i Oppland. Dette kvalitetssikrer arkivfunksjonen og gjør alle offentlige dokument knyttet til nasjonalparkstyret tilgjengelig gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP). Under er en link til dokument som er knyttet til Dovrefjell nasjonalparkstyre siste måneden på OEP. Klikk på "endre søkekriterie" for å utvide eller innskrenke søket i tid.

CSB