Mardalen naturreservat - høyring av forvaltningsplan

Gamle styvingstre av alm på Jutneset. Styvingstre blir ofte gamle, og er dermed viktige habitat for mange raudlista artar. I tillegg har styvingstre ein kulturhistorisk verdi.
Foto: Kristin Wangen
Gamle styvingstre av alm på Jutneset. Styvingstre blir ofte gamle, og er dermed viktige habitat for mange raudlista artar. I tillegg har styvingstre ein kulturhistorisk verdi. Foto: Kristin Wangen

Dovrefjell nasjonalparkstyre har utarbeidd forvaltningsplan for Mardalen naturreservat i Nesset kommune, Møre og Romsdal.
Planen vert no sendt på høyring, med frist for å gje fråsegn 28. februar 2018.

Som lenker finn du under:

  1. Høyringsbrev
  2. Særutskrift Mardalen naturreservat - forvaltningsplan - utsending på høring , sak 68/2017 18.12.2017
  3. Forvaltningsplan for Mardalen naturreservat - høyringsutkast 18.12.2017
  4. Adresseliste. Desse får dokumenta i posten.


Målet med høyringa er å få retta opp feil og mangler i planen, få innspel på dei skjøtselstiltaka som er føreslege og å få innspel på om noko mangler. Vi er særskilt interesserte i å få vite om det er brukarinteresser som ikkje er drøfta

Utkastet til forvaltningsplan for Mardalen naturreservat har fokus på dei naturfaglege verdiane i naturreservatet, truslar mot dei, tiltak for om mogleg å ta vare på desse verdiane og retningsliner for forvaltninga av området, innanfor rammene av verneforskrifta.

Planen har ambisjonar om å gi detaljerte råd om skjøtsel, slik at eiga skjøtselsplan ikkje er naudsynt. I forvaltningsplanen er det sett opp bevaringsmål som gjer det mogleg å evaluere forvaltninga av området og av dei tiltaka som vert sett ut i livet. Naturverdiane i Mardalen naturreservat er i hovudsak knytt til fosseenga under Mardalsfossen, rik edellauvskog og haustingsskog med dominans av alm og hassel, og med mange raudlista artar, både epifyttar og marklevande artar. I tillegg er det innslag av gråorheggeskog i dalbotnen av Mardalen.
Planen er i hovudsak utarbeidd av Miljøfaglig Utredning, Tingvoll, v/ Kristin Wangen, i samarbeide med forvaltar.

Bevaringsmåla er føreslege å vere å ta vare på fosseenga, og artsmangfaldet knytt til den rike edellauvskogen og haustingsskogen, samt den kulturverdien som den representerer.

Utfordringar er i hovudsak lav vassføring som følgje av utbygging av Mardalsfossen, ein stor hjortebestand som direkte trugar almebestanden, og opphøyr av skjøtsel og gjengroing av haustingsskogen.

Skjøtselstiltak omfattar auka vassføring av Mardalsfossen kombinert med rydding av fosseenga og beite, reduksjon av hjortebestanden, og restaurering av eit utvalt område med haustingsskog. Det er føreslege konkrete planar for overvaking for å måle korleis bevaringsmåla blir oppfylt.

Etter høyringa skal nasjonalparkstyret sjølv vedta og godkjenne planen.

PS: om du vil ha ein trykt utgåve av planen og ikkje står på adresselista, kontakt oss.

CSB (Publisert:03.01.2018 Sist endret:24.05.2018)