Ny medarbeider på Hjerkinn

Rebecca er godt kjend med rein. Tamrein, rett nok. (Foto: Olav Vaagaasøydegard)
Rebecca er godt kjend med rein. Tamrein, rett nok. (Foto: Olav Vaagaasøydegard)

Rebecca Nedregotten Strand har takka ja til stillinga som informasjonsarbeidar for Dovrefjell og Rondane-Dovre nasjonalparkstyre.

Denne stillinga er ei prosjektstilling i 2 1/2 år, eit hovudmål er  å etablere ein ny informasjonsstruktur etter iNasjonalparker, og få denne godkjend som besøkssenter nasjonalpark.

Rebecca er i no programskapar i NRK, med program som Nasjonal vedkveld, Nasjonal strikkekveld, Reinflytting minutt for minutt, Gjetarar i Jotunheimen, Sommertoget og fleire på merittlista. 

Ho har utdanning i musikk og journalistikk og har arbeidd som journalist, programleiar og programskapar i NRK sidan 2005. Nyleg tok ho òg ein mastergrad i kulturminneforvaltning.

Hovudjobben første tida blir å få definert ein ny informasjonsstruktur og etter kvart å fylle strukturen med innhald. Med godkjenning som besøkssenter nasjonalpark har vi godt håp om at dette kan verte ei stilling så permanent som det er mogleg i Staten i dag. Og at Rebecca vil kunne vere ein ressurs for alle i Hjerkinnmiljøet og vonleg òg for andre verneområde i framtida.

Rebecca Nedregotten Strand er 37 år gamal, frå Ulsteinvik og bur no i Bergen. 
Vi er etter ei grundig runde med søknader og intervju visse på at ho vil vere rett person på rett plass og er glade for interessa og tilliten ho viser ved å forlate ein fast jobb i NRK for å ta denne stillinga! Vi er òg svært glade for å utvide kompetansen innan informasjon og formidling.

Om nokon har eit  småbruk med utsikt og høveleg avstand til Hjerkinn til leige eller til sals, sei i frå hit! 

Avslutningsvis - vi ser at Hjerkinn er ein attraktiv plass å arbeide. Nyleg var det over 70 søknader til to stillingar som narturvegleiarar ved Villreinsenteret (desse tek til truleg 1. februar).  Til denne jobben fekk vi meir enn 20 søknader, over halvparten kvalifiserte og dei fem vi kalla inn til intervju særs godt kvalifiserte.

CSB (Publisert:15.11.2017 Sist endret:15.08.2018)