På leit i øydelagde fangstgroper

Tilsette ved Norsk Villreinsenter studerer fangstgropa som vart øydelagd under kabelgraving. (Foto: R.N.Strand)
Tilsette ved Norsk Villreinsenter studerer fangstgropa som vart øydelagd under kabelgraving. (Foto: R.N.Strand)

Korleis såg fangstgropene på Dovrefjell ut då dei var i bruk, og kor gamle er dei? Ulovleg graving øydela to freda kulturminne i haust. No kan arkeologar finne svara på spørsmål om fortida i det som vart øydelagt. 

-Vi håper det skjuler seg frø her.

Julian Robert Post Martinsen står godt under bakkenivå med ein plastpose i handa. For eit utrena auge ser den ut til å innehalde mold. Arkeologen frå Kulturhistorisk museum i Oslo veit betre. Han har henta ut prøver frå to groper som vart brukte til villreinfanst for hundrevis, ja kanskje tusenvis av år sidan. Arkeolog Julian Robert Post Martinsen håper å finne frø i jordprøva.

Ulovleg graving

Fangstgropene fekk eit brutalt møte med ei gravemaskin i fjor haust. Dei automatisk freda kulturminna vart skada då det skulle gravast ei kabelgrøft. Spora etter villreinfangsten ligg i Fokstugu landskapsvernområde, og styret for Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark hadde ikkje motteke søknad om tiltak i verneområdet. Nasjonalparkforvaltar Carl S.Bjurstedt oppdaga tilfeldigvis gravinga som pågjekk og fekk stansa den, men då var gropene allereie øydelagde. 

Med heimel i kulturminnelova fatta Riksantikvaren vedtak om at traseen for kabelen måtte flyttast utanfor kulturminna si sikringssone og grensa til det verna området, samt at fangstgropene skulle dokumenterast og restaurerast av Kulturhistorisk museum. Dei utgjer ein del av eit særs omfattande fangstsystem som strekkjer seg frå Dombås i sør til Kongsvoll i nord. I fylgje Riksantikvaren er det så langt kartlagt meir enn 1000 fangstgroper langs denne strekninga. 

Omfattande fangst på Dovrefjell

Når ein ser dei i terrenget, kan ein lett forveksle gropene med naturlege søkk i landskapet. Under vegetasjonen skjuler det seg meir konkrete spor etter kva som har gått føre seg. Fangstsystemet fortel oss at det har gått store reinsflokkar her, på veg frå sommarbeite i Snøhettaområdet til vinterbeite i Rondane. Fangstfolk såg at det var store moglegheiter for å fange dyra som vandra forbi. 

Når arkeologen studerer dei ulike laga i gropa, kan han sjå ei tynn grå stripe. Den viser han kva som var bakkenivået den gongen ein byrja å grave fangstgropa. Ved å hente ut prøver frå dette laget, kan Martinsen finne ut kor gamal den er. 

- Denne gropa har vore støtta opp med treverk, fortel han.

I fangstgroper bygde av stein, er det naturleg at ei finn mange fleire spor etter konstruksjonen. Dei som har vore kledd innvendig med tømmer, er annleis. Treet har som regel rotna heilt vekk, men i jordprøvene kan ein finne spor etter det. Helst håper Martinsen at dei får med seg frø som kjem til syne når dei siler jorda. Det er fordi frøa er enklare å datere nøyaktig enn treverk.

Tverrsnitt av fangstgrop

Få daterte fangstgroper

Etter to og ein halv dag er jakta slutt, då grev dei att fangstgropene og sender prøvene til analyse. Svara kjem i vinter, og det blir spanande. I forhold til kor mange fangstgroper det er på Dovrefjell, er nemleg få daterte. Den eldste av desse er frå om lag 900 e.Kr. Til samanlikning har ein datering på fangstgroper i Finnmark som er frå rundt år 2000 f.Kr. 

R.N.Strand (Publisert:16.08.2018 Sist endret:09.12.2018)