Ryddar fram att Kongevegen over Dovrefjell
Børset Skog og Veg gjer vegetasjonen dei har rydda klar for å bli henta ut med helikopter.
God fantasi har vore naudsynt for å sjå for seg at det ein gong gjekk an å reise med hest og kjerre på Vårstigen som er ein del av Kongevegen over Dovrefjell. No kjem den gamle køyrevegen fram i ljoset att.
"Mand har altsaa aarsage at takke den Naadige Gud, som saa vel bevarede deres Majesteter paa disse farlige Veje."
Slik blir Vårstigen skildra i ein omtale av kong Christian VI si ferd på Kongevegen i 1733. Ei av mange historier om skrekkslagne vegfarande i Gro Steinsland si bok "Dovrefjell i tusen år".
Det berykta strekket har vorte mindre skummelt å ferdast på i nyare tid. Vegetasjonen har vakse seg høg og stengt for utsikta ned til Driva. Men når vegen blir rydda, kjem suget i magen attende.
Vil bevare Kongevegen for framtida
Oppryddinga er ein del av eit større prosjekt der ein restaurerer og tilrettelegg Kongevegen over Dovrefjell for å sikre- og bevare den for framtida.
Den vart bygd opp på slutten av 1600-talet og gjennom 1700-talet. Ein fekk då køyrbar veg, noko som gjorde at også dei kongelege våga seg ut på desse traseane. Det er skildra kongeferder over Dovrefjell i 1685, 1704 og 1733.
Marit Johansson leiar prosjektet som skal vare fram til 2021. Ryddinga av Vårstigen er ein viktig del av arbeidet. Henrik Børset og kollegane hans i Børset Skog og Veg håper å kunne halde fram med vegetasjonsfjerning ut oktober, og starte opp att arbeidet neste sommar.
Vegetasjonen blir lyfta ut av med helikopter. Området dei jobbar i er ein del av Drivdalen landskapsvernområde, og Dovrefjell nasjonalparkstyre har gjeve løyve til tiltaka.
Frå venstre: Henrik Børset, hoggersjef; Kari Anne Kaxrud Viberg, Oppdal kommune; Carl S. Bjurstedt, nasjonalpark-forvaltar; Marit Johansson, prosjektleiar Kongevegprosjektet.
Kjelder:
www.kongevegenoverdovrefjell.no
Steinsland, Gro: Dovrefjell i tusen år. Mytene, historien og diktningen. Vigmostad & Bjørke AS, 2014
(Publisert:09.10.2018 Sist endret:11.02.2019)