Droneflyging er forbode i Folgefonna nasjonalpark

Dronar har vorte veldig populære for å fange flotte naturopplevingar til film. Difor er det viktig å vere merksam på at vernereglane for Folgefonna nasjonalpark har eit forbod mot bruk av dronar. 

 

Dronane har blitt populære turfølgje både for private og profesjonelle fotografar dei siste åra. Men effektane av dronene påverkar både dyreliv og folk. Hekkande fugl og dyreliv vert uroa av droner om ein kjem for nær. Folk som er på tur for å oppleve natur og stillheit vil oppleve ein drone som uroande, kanskje særleg fordi han kjem nær og er førarlaus. 

Bruk av drone er forbode i Folgefonna nasjonalpark, men det er høve å søke Folgefonna nasjonalparkstyre om dispensasjon. Delar av verneområdet har særleg sårbar natur, mens andre deler er særleg viktige friluftsområde. For å flyge med drone i nasjonalparken treng du eit løyve frå Folgefonna nasjonalparkstyre, i så fall gjeld strenge reglar for å få dispensasjon. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter til filming. I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter. Lovar og regler legg ikkje opp til filming med drone til privat bruk, dokumentering av aktivitet, marknadsføring av einskildaktivitetar og bedrifter mm.

Dei fire landskapsvernområda rundt Folgefonna nasjonalpark har ikkje reglar mot droneflygning. Her er det dei generelle reglane for droneflyging som gjeld:   

 

  • Buer landskapsvernområde
  • Bondhusdalen landskapsvernområde
  • Ænesdalen landskapsvernområde
  • Hattebergsdalen landskapsvernområde

 

 

Det er nokon ting vi kan seie generelt om droner i "naturen":

  • Lova om motorferdsel i utmark gjeld ikkje for droner.
  • Derimot gjeld reglane i "Forskrift om luftfartøy som ikke har fører om bord mv." for bruk av droner. Den forskrifta finn du her. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-11-30-1404?q=modellfly
  • Ein må ta omsyn til reglar om støy og personvern når ein brukar drone og den generelle aktsemdsplikta som følgjer av naturmangfaldlova § 6.

 

Kom gjerne for å oppleve naturen i Folgefonna nasjonalpark, ta med deg vener og kjente, og ta omsyn til naturen og andre brukarar av området. 

(Publisert:26.07.2017)