Folgefonna nasjonalpark 10 år

Folgefonna frå Fonnabu
Folgefonna frå Fonnabu, Foto: Gry Walle

Noreg sin finaste nasjonalpark fyller 10 år i dag 29.april!

 

I dag er det 10 år sidan Folgefonna nasjonalpark vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 29.april i 2005.

Nasjonalparken med sine 4 tilhøyrande landskapsvernområde har eit verna areal på 599 km2. Folgefonna nasjonalpark vart den 25 nasjonalparken i Noreg, og ved sida av Saltfjellet - Svartisen NP den einaste som femner om areal frå breisen til fjorden.

Nasjonalparken vart opna av Dronning Sonja og dåverande miljøverminister Knut Arild Hareide i Bondhusdalen den 14.mai 2005. Nasjonalparksenteret på Skålakaien i Rosendal vart formelt opna same dag.

 Opning av Folgefonna nasjonalpark 14.mai 2005

Dronning Sonja opnar nasjonalparken 14.mai 2005. Foto: Miljøverndepartementet.

Forvaltningsansvaret låg til Fylkesmannen i Hordaland fram til 2011, då det vart delegert til eit interkommunalt styre som består av ordførarane i dei 5 kommunane nasjonalparken tilhøyrer, samt ein representant frå Hordaland fylkeskommune.

Føremålet med vernet er å ta vare på eit tilnærma urørte naturomåde, viktig vassdragsnatur, sikre viktig biologisk mangfald, viktige geologiske førekomstar og verdifulle kulturminne. Ein skal fokusera på utøving av det enkle friluftslivet utan særleg teknisk tilrettelegging.

I desse 10 åra har området vore nytta av både lokale og tilreisande som arena for flotte naturopplevingar. Vernet sikrar at mange vil få glede av dette flotte naturområdet også i framtida.

(Publisert:29.04.2015 Sist endret:10.05.2017)