Geocache i nasjonalparken

 

Geocache er ein populær aktivitet som kombinerar friluftsliv og spel, gjennom å finne utlagte poster ved hjelp av mobil eller gps. Men er det lov å legge ut geocacher i nasjonalparken?

I nasjonalparken er det forskriften for nasjonalparken og landskapsvernområda som styrer kva som er lov og kva som treng løyve frå nasjonalparkstyret. I nasjonalparken er det ein målsetning å oppretthalde naturtilstanden og i minst mogleg grad opne for andre tiltak eller tilrettelegging.

Verneforskrifta seier ikkje noko konkret om geocache. Den viser imidlertid til at all merking og varding er forbode og treng løyve frå nasjonalparkstyret. Bakgrunnen for dette er at ein i nasjonalparken skal ivareta naturmangfaldet. Tilrettelegging for ferdsel kan føre til at hekkeområder for rovfugl eller sårbar vegetasjon vert negativt påverka. Difor er det viktig at nasjonalparkstyret har oversikt over og kan styre ny tilrettelegging for ferdsel i nasjonalparken.

Ein geocache er ein boks som vert gøymd i terrenget og der koordinatane til boksen vert lagt ut på nett, slik at ein kan finne denne ved hjelp av GPS eller mobiltelefon. Utlegging av ein geocache har som mål at folk skal besøke denne. Utlegging av geocache er difor vurdert til å vera ein form for tilrettelegging av ferdsel som kan ha ein verknad for naturmangfald i nasjonalparken. Det er difor viktig at nasjonalparkstyret kan styre kvar det kan leggast ut geocacher i nasjonalparken. Utlegging av geocache må difor godkjennast av Folgefonna nasjonalparkstyre.

Søknad om utlegging av geocache skal sendast til folgefonna@fylkesmannen.no

 

(Publisert:08.07.2020)