Høyring av besøksstrategien - Folgefonna nasjonalpark

skilt breidablikk
skilt breidablikk

Folgefonna nasjonalparkstyre legg med dette Besøksstrategien ut på høyring. Målsettinga er å få til ein samla strategi for besøkssforvaltning for verneområda rundt Folgefonna nasjonalpark. Alle kan kome med innspel og merknadar fram til 23. mars.

Besøksstrategien finn du ved å trykke på lenke nederst på sida her.

Alle kan kome med innspel til besøksstrategien. Har du innspel til korleis det kan leggast til rette for fastbuande og besøkande, friluftsliv og lokal verdiskaping, samstundes som ein tek vare på natur- og kulturverdiane i Folgefonna nasjonalpark og tilgrensande landskapsvernområde? Folgefonna nasjonalparkstyre vonar du vil senda inn dine innspel til høyringa av besøksstrategien.

Gjennom arbeidet skal ein sikre naturverdiane og kulturverdiane i verneområda, samstundes som ein tek vare på busetnad og legg til rette for besøkande. Dette kan vere med å bidra til fleire moglegheiter for lokal verdiskaping knytt til verneområda.

Sit du på kunnskap som burde vore med i besøksstrategien? Har du innspel til område, stiar og turmål som burde bli betre tilrettelagt for ferdsel, eller område der ein bør unngå ny tilrettelegging? Då håpar vi du tek deg tid til å lese gjennom og komme med innspel.

Send innspel til Folgefonna nasjonalparkstyre på e-post: fmvlpost@fylkesmannen.no. Merk innspelet med «Merknad besøksstrategi».

Fristen for å komme med innspel er innan 23. mars 2020.

For spørsmål til besøksstrategien ta kontakt med nasjonalparkforvalter Jostein Klette på telefon 55 57 22 02 eller på epost fmvlpost@fylkesmannen.no

Utkast til besøksstrategien finn du ved å trykke HER

 

(Publisert:05.02.2020 Sist endret:08.07.2020)