Nettsida for nasjonalparken er klar!

Her finn du informasjon om forvaltning av Folgefonna nasjonalpark og dei fire landskapsvernområda omkring. Verneforskrifter, forvaltningplanar, saksdokument, kontaktinformasjon, kart og anna nyttig informasjon vert lagt ut her.

Folgefonna nasjonalparkstyre har ansvar for sida, og nasjonalparkforvaltar Magnhild Berge står for oppdateringane. 

Sida vil dekke forvaltninga av verneområda, og har også ei kort omtale av kvart område.

Meir informasjon om naturen og bruk av nasjonalparken finn du på sida til Folgefonna nasjonalparksenter

 

Kontakt

Magnhild Berge, tlf 55 57 23 40/ 48 95 37 50

(Publisert:09.07.2014 Sist endret:10.05.2017)