Planar og publikasjonar

 

Her finn du diverse publisert materiale om Folgefonna nasjonalpark og dei 4 landskapsvernområda.

 



Planer og publikasjoner

Kongeleg resolusjon

Fjellrype ved Botnabreen.

Kongelege resolusjonar er avgjerder tekne av regjeringen samla i statsråd under leiing av Kongen. Resolusjonen er vedteken på bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget og ferdige prosessar om avgrensing av områda og verneforskrifter. Kongen i statsråd gav ut Kongeleg resolusjon forslag om vern for Folgefonna med Folgefonna nasjonalpark, Bondhusdalen, Ænesdalen, Hattebergsdalen, og Buer landskapsvernom ...

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:18.07.2014)
Les mer

Forvaltningsplan

Fagerdalen

Forvaltningsplan skal gje ei presisering av vernereglane. Den skal vera ein praktisk reiskap som formidlar mål og tiltak i samsvar med verneføremålet. Planen skal difor gje retningsliner for dispensasjonspraksis  og forvatningsskjøn, med detaljerte og konkrete retningsliner om tema som bruk, skjøtsel, tilrettelegging og informasjon. Folgefonna nasjonalpark, Bondhusdalen landskapsvernområde ...

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:10.02.2014)
Les mer

Brosjyre

Fjellkjæreblom, Reiseter. Foto: Magnhild Berge

Det er ulike behov for informasjon og rapportering for ulike institusjonar og prosjekt innanfor verneområda. På denne sida finst utgjevne brosjyrar og publikasjonar for området.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:19.02.2014)
Les mer

Verneforskrifter

Fonna, flora og fauna - Alt må takast vare på

Verneforskriftene inneheld rammene for vernet og fortel om kva offentlege aktørar som har forvaltningsansvar i områda. Dei  inneber vernereglar for landskapet, plantelivet, dyrelivet, kulturminne, ferdsel, motorferdsel, forureining og støy i verneområdet. Det gjelder fem verneforskrifter i området.

(Publisert:09.01.2014 Sist endret:18.07.2014)
Les mer

Konsekvensutgreiing

Padling på Insta Møsevatn. Bilete: Wilderness Norway

Når ein tek til med arbeidet med å opprette eit verneområde skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU). Føremålet med KU er å vise kva konsekvensar det vil ha på miljø, naturresursar, næringsinteresser og samfunnet elles å opprette eit verneområde. Denne kunnskapen skal liggje til grunn for planlegging og vernevedtak. Fylkesmannen i Hordaland har laga konsekvensutgreiinga for ...

(Publisert:15.01.2014 Sist endret:18.07.2014)
Les mer

Besøksstrategi

Folgefonna nasjonalparkstyre er no i gong med arbeidet med å lage ein besøksstrategi for verneområda på Folgefonnhalvøya. Besøksstrategien skal vise korleis vi ønskjer å ta vare på verneverdiane samtidig som vi tek i mot dei besøkande til området på best mogleg måte.

(Publisert:23.05.2017)
Les mer