Konsekvensutgreiing

Padling på Insta Møsevatn. Bilete: Wilderness Norway
Padling på Insta Møsevatn. Bilete: Wilderness Norway, Foto: Wilderness Norway

Når ein tek til med arbeidet med å opprette eit verneområde skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU). Føremålet med KU er å vise kva konsekvensar det vil ha på miljø, naturresursar, næringsinteresser og samfunnet elles å opprette eit verneområde. Denne kunnskapen skal liggje til grunn for planlegging og vernevedtak. Fylkesmannen i Hordaland har laga konsekvensutgreiinga for Folgefonna nasjonalpark - med tilligjande område for landskapsvern, og den vart sendt på høyring hausten 2003.

(Publisert:15.01.2014 Sist endret:18.07.2014)