Tiltak og finanisering

Buførevegen - for både tobeinte og firbeinte
Buførevegen - for både tobeinte og firbeinte, Foto: Magnhild Berge

Kvart år gjennomfører verneområdeforvaltninga ei rekkje tiltak knytt til vedlikehald, skjøtsel og tilrettelegging. Tiltaka skal fremje verneverdiane, leggje til rette for naturvenleg bruk og fjerne trugslar mot naturmangfaldet. Folgefonna nasjonalparkstyre søkjer om midlar frå sentrale styresmakter til ulike prosjekt. Vanlegvis er det styret sjølv eller SNO lokalt som gjennomførar eller administrerar gjennomføringa av desse prosjekta. Lokale organisasjonar, turlag eller grunneigarar er som regel sentrale i gjennomføring av prosjekta. 

(Publisert:28.11.2011 Sist endret:18.07.2014)

Bestillingsdialog

Buerdalen LVO - Vardejungel

Bestillingsdialog er ein årleg prosess som alle verneområdestyra og alle Fylkesmenn har med Statens naturoppsyn (SNO), der ein melder inn kva behov ein har for midlar og arbeidskraft i dei ulike verneområda.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:18.07.2014)
Les mer

Tiltak i verneområda

Pyttelva.

Verneområdestyret set opp plan for tiltak. Tiltaka er i samsvar med forvaltningsplan for  verneområda. Det er sendt søknad om tiltaksmidlar til MDIR/SNO.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:18.07.2014)
Les mer