Geiranger-Herdalen landskapsvernområde
Fjordgarden Knivsflå ved sida av Dei sju systrene. Foto: Kjell HansenGeirangerfjordenSærprega geologi i Kallskaret naturreservat. Foto: Asbjørn BørsetHerdalsvatnet - Fotocred: Merete RønnebergHerdalssetra er framleis i aktiv drift Foto: Asbjørn BørsetVed Storseterfossen er det råd å gå inn bak fossen.Kulturlandskapet er avhengig av beiting og slått for å hindre attgroingNasen sett frå Gråsteindalen

Geiranger-Herdalen

Eit spektakulært og særprega landskap forma av bre, vatn og menneske

Fjordlandskapet rundt Geiranger er kjent langt utanfor Norge, og fekk i 2005 status som verdsarvområde av UNESCO. Her er eit rikt og variert dyre- og planteliv frå fjord til snaufjell. Store delar av landskapsvernområdet er fritt for større inngrep. Samstundes har menneska sin bruk av naturen gjennom generasjonar skapt eit særeige kulturlandskap med både kulturhistoriske og biologiske verdiar. Geiranger-Herdalen har også to naturreservat. I Kallskaret naturreservat kan du studere sjeldne geologiske førekomstar og formasjonar som eklogitt og olivinbautaar. I Hyskjet naturreservat finn du rik edellauvskog og sjeldne artar som Mnemosynesommarfuglen.


Nyhende

Verneområdeforvaltar

Verneområdeforvaltar for Geiranger-Herdalen Landskapsvernområde er Ingvild Hansen Nystad.

(Publisert:11.02.2016 Sist endret:26.02.2020)

Møte i verneområdestyret 19. juni 2015

Synfaring til Hyskjet Naturreservat - Frå venstre: Kjell Hansen (SNO Geiranger), Jan Ove Tryggestad (Ordførar i Stranda og styreleiar), Bjørn Inge Ruset (Ordførar i Norddal og styremedlem) og Ingrid Opedal (Fylkestingspolitikar og styremedlem)

Synfaring til Hyskjet naturreservat og møte i verneområdestyret

(Publisert:30.07.2015)

Møte med fagleg rådgjevande utval

Hyskjet NR

Første møte mellom verneområdestyret og fagleg rådgjevande utval

(Publisert:16.02.2015 Sist endret:11.02.2016)

Møtedokument for møte i verneområdestyret 15. des. 2014 i Stranda

Utsikt fra utsynsplassen ved Ørnesvingen

Møteinnkalling og møteprotokoll for møte i verneområdestyret 15. des. 2014 lagt ut under Styredokument for 2014

(Publisert:26.01.2015 Sist endret:30.07.2015)

Eidsdal skule vil få fram Bergingssteinen

Minnestøtta på Bergingssteinen

5.-7. klasse ved Eidsdal skule deltek i år i prosjektet "Rydd eit kulturminne" Som sitt prosjekt har dei valt Bergingssteinen ved Øyane på vegen til Herdalen. Her ynskjer dei å sette opp eit skilt og legge ein klopp frå vegen og bort til Bergingssteinen.

(Publisert:24.02.2014 Sist endret:30.07.2015)

Årsrapport 2014 - SNO Geiranger

Frå Dalsnibba

Last ned rapporten frå SNO Geiranger ved å klikke på lenka under.  

(Publisert:08.01.2015 Sist endret:30.07.2015)
Vis nyhetsarkiv