Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Forvaltning

I eit verneområde er det fleire aktørar som medverkar i forvaltninga. Her er ei oversikt over rollene og ansvarsområda til dei ulike aktørane i Geiranger-Herdalen landskapsvernområde.

Verneområdestyret

Norddal og Stranda kommunar fekk i 2011 tildelt lokal forvaltning for landskapsvernområdet Geiranger-Herdalen og Kallskaret naturreservat. Det er etablert eit verneområdestyre som fattar alle vedtak som gjeld tiltak innanfor verneområdet. Styret består av ein politikar frå kvar av kommunane, samt ein fylkestingpolitikar. Utgangspunktet for forvaltninga er Naturmangfaldlova, verneforskriftene og forvaltningsplanen for verneområda. Verneområdestyret søkjer kvart år om midlar til å gjere ulike tiltak i verneområdet og prioriterar dei statlege midlane som vert tildelt.

Det er tilsett ein verneområdeforvaltar som fungerar som sekretær for styret. Denne er tilsett hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men arbeidar for verneområdestyret og har kontorplass på Fjordsenteret i Geiranger. Arbeidsoppgåvene til forvaltaren er å førebu saker for styret, drive informasjonsarbeid og vere kontaktperson for styret. Forvaltaren samarbeidar nært med Statens naturoppsyn.

Dersom ein ynskjer å utføre tiltak i verneområdet, anten det er motorferdsel, byggesak eller anna, må ein sende søknad til verneområdestyret fyrst. Orientering om søknadsprosessen ligg i menyen til venstre. Det er forvaltaren som er saksbehandlar, medan styret gjer endeleg vedtak.

 

Statens naturoppsyn (SNO)

SNO har etter lov om statleg naturoppsyn mynde og ansvar for oppsyn med miljølovverket. SNO gjer med andre ord ikkje nokre vedtak sjølve, men syt for at vedtak som er fatta vert etterfulgt på ein korrekt måte, melder frå om det er gjort tiltak i strid med verneforskrifta, utfører skjøtsel og driv generelt opplysningsarbeid. Lovverka som SNO har tilsynsmynde med er friluftslova, naturmangfaldlova, motorferdsellova, kulturminnelova, viltlova, laks- og innlandsfiskelova, markaloven, småbåtlova og delar av forureiningslova.

SNO har ein tilsett med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde som sitt kjerneområde. Denne har kontorstad på Fjordsenteret i Geiranger saman med verneområdeforvaltar.


Kulturavdelinga i  Møre og Romsdal fylkeskommune

Kulturavdelinga i fylkeskommunen har som oppgåve å drive med vern og formidling av faste kulturminne, som til dømes gamle bygningar, kulturlandskap og fortidsminne. Dei har òg forvaltningsmynde etter kulturminnelova. Dersom ein ynskjer å gjere tiltak som vil medføre inngrep på kulturminne, må ein ta kontakt med kulturavdelinga for å høyre om inngrepet er søknadspliktig. Kulturavdelinga kan òg legge føringar på utforming av til dømes bygningar.

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har framleis forvaltningsmynde etter naturmangfaldlova for Hyskjet naturreservat. Ynskjer ein å utføre tiltak her, må ein adressere søknaden til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan òg klage på vedtak gjort av verneområdestyret.

 

Kommunane

Kommunane har ansvar for ein del sektorlover som gjeld både innanfor og utanfor verneområda. Mellom anna forvaltar dei plan- og bygningslova og motorferdsellova. Det vil seie at større byggetiltak og søknadar om motorferdsel må godkjennast både av verneområdestyret og den aktuelle kommunen. 


Grunneigarane

Verneområdet ligg på privat grunn, det vil seie at det er enkeltpersonar eller grupper av grunneigarar som eig områda. Det er ikkje lov å gjere tiltak på annan manns grunn utan å få godkjenning frå eigaren. Allemannsretten gjev ein del rettigheiter i utmark, men ikkje ubegrensa, og den gjeld ikkje nær hus og på innmark. Dersom du ynskjer å gjere noko der du ikkje sjølv er grunneigar må du kontakte eigar(ane) fyrst. Det gjeld òg motorferdsel der du må krysse andre sin grunn.


(Publisert:17.01.2014 Sist endret:23.04.2014)