Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Søknad om dispensasjon frå verneforskrift

Verneforskriftene til verneområda fastset kva som er lov og ikkje lov å gjere innanfor dei verna områda. I tillegg seier verneforskrifta kva det kan gjevast løyve til etter søknad. Dersom du er i tvil om tiltaket du vil utføre er søknadspliktig kan du ta kontakt med verneområdeforvaltar. Nedanfor er ein oversikt over gangen i ein søknadsprosess, frå søknadsskriving til vedtak er fatta.

Søknaden

Søknaden bør innehalde utfyllande opplysningar om kva ein ynskjer å gjere, kvifor, korleis ein vil gjere det og når. Di meir opplysningar det er i søknaden, di raskare går som regel saksgangen. Gjeld det søknad om motorferdsel finn du eit eige skjema i menyen til venstre. Gjeld det tekniske inngrep av noko slag vil bilete, teikningar og/eller kart vere god støtte til søknaden. I slike tilfelle er det viktig å presisere mål, materiale og utforming.  Dersom søknaden inneheld telefonnummer og epostadresse vert det enkelt for verneområdeforvaltaren å ta kontakt dersom fleire opplysningar trengst. Søknaden skal stilast til

Verneområdestyret for Geiranger- Herdalen
Norsk fjordsenter

6216 Geiranger
E-post: fmmrlimy@fylkesmannen.no

Saksbehandling

Alle mottekne søknadar vert arkivert av Fylkesmannen og er å rekne som offentlege dokument dersom det ikkje er særskilde grunnar til å unnta dei frå offentlegheita. Verneområdeforvaltar får så tildelt søknaden og vurderar den med bakgrunn i verneforskrifta for det aktuelle verneområdet, forvaltningsplanen og §§ 8-12 i naturmangfaldlova. Denne vurderinga vert kalla eit saksframlegg og ein finn dømer på dette under "styret" og "styredokument". Saksframlegget endar med eit forslag til vedtak og vert oversent til styret.  Dersom det vert innstilt på å gje løyve er det vanleg at løyvet vert gjeve med visse vilkår som må oppfyllast. I motorferdselsaker kan det vere ei avgrensing av antal turar det vert gjeve løyve for, tidspunkt for køyring og val av trasè. I byggesaker kan det vere vilkår til storleik, plassering og utforming. I nokre tilfelle vil forvaltaren ta ei befaring på den aktuelle staden før innstilling. Er det ei prinsipielt viktig eller vanskeleg sak kan heile styret takast med på befaring saman med søkjar. Styret gjer endeleg vedtak i saka. Når vedtaket er fatta sender forvaltar ut eit vedtaksbrev til søkjaren.

Klage

Dersom søkjar eller andre med rettsleg klageinteresse er misnøgde med avgjerdsla til styret, kan vedtaket påklagast innan tre veker frå ein vert orientert om vedtaket. I ei klage må ein gjere greie for kva ein meiner er feil. Vanlege årsaker til klage er at ein meiner det er feil bruk av regelverk, feil premiss som ligg til grunn, feil vurdering av skjønnsrommet, feil i sakshandsaminga eller at saka ikkje er godt nok opplyst.

(Publisert:13.01.2014 Sist endret:06.01.2015)