Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Skogen i verneområdet

Føremålet med vernet er mellom anna å ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante og dyreliv, samt å ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.

I forvaltninga er det særleg to problemstillingar som er knytt til skog i og rundt verneområdet: Spreiing av nye artar og attgroing i kulturlandskapet.

Spreiing av nye artar

I landskapsvernområdet er det relativt få granplantefelt. Dette er noko som er sjeldan på Vestlandet, og er med på å auke den biologiske verdien til området. Gran er ikkje ein naturleg del av det vestnorske artsmangfaldet, og alle grantre her stammar frå utplantingar. Sjølv om det innan området i dag er lite gran, er det ein trussel at grana etterkvart vil etablere seg i heile området under skoggrensa på grunn av naturleg forynging frå eksisterande planta tre. Grana startar å sette frø frå den er omlag tretti år gamal, sitkagrana noko tidlegare. I snitt har grantrea frøår kvart fjerde år, og kvart tre kan då sette 10.000 frø. 95% av desse frøa vil lande innan 200 meter frå mortreet, men dei resterande 5% kan spreiast så langt som ei mil av garde. Ei slik spreiing vil etter kvart endre landskapsinntrykket.  Det er svært vanskeleg å stoppe denne prosessen.

Eit anna nytt treslag i verdsarvområdet er platanlønn. Dette sør- og mellomeuropeiske treet spreier seg svært raskt og bidreg sterkt til attgroinga av kulturlandskapet. I tillegg er den ein trugsel for edellauvskogen, då den kan utkonkurrere treslaga som høyrer til her.

I verneområdet fins det nokre svært verdfulle lauvskoglokalitetar, ein svært viktig furuskog ved Flåna og nokre viktige kulturlandskapsområde. Desse områda må prioriterast når det gjeld fjerning av nye artar og hindring av spreiing.

Attgroing i kulturlandskapet

Attgroing er ein stor trugsel i verneområdet, både med omsyn til biologiske verdiar og opplevingskvalitetar i området. Skogen har vakse og veks innover utmarksslåttar og tunteigar. Mange stader er attgroinga komen så langt at dei biologiske verdiane i det tidlegare kulturlandskapet er vekk. Dersom skogen får feste der det har vore byggverk, kan trea føre til sprenging og øydelegging av murar. Likevel vil det vere aktuelt å rydde skog i og rundt kulturminne og kulturmiljø, for å gjenskape opplevingskvalitetane og synleggjere desse delane av kulturarva.

Det er vanskeleg å hindre attgroinga, særleg sidan bruken av utmarka og talet på beitedyr har endra seg kraftig dei siste tiåra. Når tiltak skal gjerast må ein prioritere dei biologisk viktigaste kulturlandskapsområda og områda rundt dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa der ein ynskjer eit ope landskap.

Med bakgrunn i problemstillingane knytt til nye artar og attgroing er det laga ein plan for uttak av ved i verneområdet. Denne er delt i ein generell del som gjeld heile verneområdet, og ein spesiell del som tar for seg dei viktigaste lokalitetane ut frå biologiske og kulturelle verdiar.

Plan for veding

Motorferdsel og vegar i samband med skogsdrift

 Det generelle forbodet mot motorferdsel gjeld ikkje for skogsdrift som fylgjer dei godkjende planane (§ 5.2.f).

I fylgje § 3.1.1 i verneforskrifta er det ikkje lov å bygge nye vegar i verneområdet, men det er lov å drive vedlikehald av eksisterande vegar (§ 3.1.2). Verneområdestyret kan etter søknad gje løyve til ombygging og opprusting av eksisterande vegar (§ 3.1.3.g). Dersom det er tvil om det ein ynskjer å gjere er vedlikehald eller opprustning kan ein ta kontakt med verneområdeforvaltar.

Det er ikkje lov å drive hogst eller veding utan grunneigars samtykke.

(Publisert:20.02.2014 Sist endret:24.02.2014)