Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Eidsdal skule vil få fram Bergingssteinen

Minnestøtta på Bergingssteinen
Minnestøtta på Bergingssteinen, Foto: Kari Elisabeth L. Dalhus

5.-7. klasse ved Eidsdal skule deltek i år i prosjektet "Rydd eit kulturminne" Som sitt prosjekt har dei valt Bergingssteinen ved Øyane på vegen til Herdalen. Her ynskjer dei å sette opp eit skilt og legge ein klopp frå vegen og bort til Bergingssteinen.

Bergingssteinen har fått namnet sitt frå ei dramatisk hending rundt 1880. Eit ras hadde demt opp elva ved det som no er Måsevatnet, men plutseleg brast demninga og ein flaum for nedover dalen. Ein ung mann og ein gut var ved Øyane då flaumen kom, men fekk berga seg opp på steinen. Guten var son til presten i Norddal, Nikolai Astrup. Han fekk seinare reist ei støtte på steinen til minne om hendinga. 

Denne historia ynskjer elevane ved Eidsdal skule å hente fram att. Dei vil sette opp eit skilt ved Herdlasvegen der dei fortel om kva som skjedde, på norsk og engelsk. I tillegg ynskjer dei å leggje ei klopp over myra, slik at det er råd å gå bort til Bergingssteinen utan å verte våte på beina.

Verneområdestyret har gjeve løyve til klopplegginga og oppføringa av skiltet. Andre som vil vere involverte i prosjektet til elevane er Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv med utforminga av skiltet, og SNO Geiranger med utforminga av kloppene.

Foto: Kari Elisabeth L. Dalhus

(Publisert:24.02.2014 Sist endret:30.07.2015)