Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Møte med fagleg rådgjevande utval

Hyskjet NR
Hyskjet NR

Første møte mellom verneområdestyret og fagleg rådgjevande utval

Første møte mellom verneområdestyret og fagleg rådgjevande utval vil finne stad på Norddalstunet onsdag 18. mars 2015. Det er sendt ut innkalling til relevante organisasjonar, foreiningar og lag som representerer dei ulike interessene i området.

Formålet med fagleg rådgjevande utval er å danne eit forum for utveksling av informasjon om aktuelle interesser eller saker som angår verneområda. Representantane får muligheit til å gje råd til verneområdestyret som enkeltaktørar eller som forsamling.

Innkallinga til møtet finn du under under styredokument for 2015 i saksframlegg 3.

(Publisert:16.02.2015 Sist endret:11.02.2016)